Frå måndag av har Vaksdal kommune dei same smittevernreglane som resten av landet.

Tilbake til nasjonale smittevernreglar

Frå måndag 22. februar går Vaksdal kommune tilbake til dei same smittevernreglar som gjeld elles i landet.

Den siste tida har Vaksdal, som nabokommune med Bergen, i tillegg til det store smitteutbrotet i Ulvik, vore underlagt strengare smittevernreglar enn elles i landet.

Men frå måndag av er ein tilbake på nasjonale reglar.

— Vaksdal kommune går tilbake til nasjonale smittevernreglar og anbefalingar frå måndag 22. februar. Etter ein periode med ekstra smittevernreglar og anbefalingar i vår region, som følgje av utbrot av muterte variantar av koronaviruset, vurderer regjeringa og helsemyndigheitene det slik at smittesituasjonen no er under kontroll, melder Vaksdal kommune.

Frå midnatt natt til måndag 22. februar går Vaksdal kommune difor over til å følgje dei nasjonale smittevernreglane og anbefalingane, og det er ikkje lenger ekstra tiltak for vår kommune eller region.

— Dette betyr mellom anna at det ikkje lengjer er påbod om heimekontor, men det er framleis anbefalt å ha heimekontor for dei som kan. Serveringsstader kan igjen skjenkja alkohol, så lenge dei følgjer reglane for skjenkjestopp, avstand og registrering av gjester, heiter det i meldinga frå Vaksdal kommune.