Alt tyder på at nokon har prøvd å setja fyr på toalettet på venterommet på jernbanestasjonen, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen.
Alt tyder på at nokon har prøvd å setja fyr på toalettet på venterommet på jernbanestasjonen, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen. Foto: Esben Hesjedal

To brannar som truleg er påsette

Ein halv time etter at det oppstod brann i fleirmannsbustaden i Fabrikkvegen måndag kveld, vart det meldt om røykutvikling og branntilløp på toalett/venterom på jernbanestasjonen. Politiet trur begge brannane kan vera påsett, og har ein mann i avhøyr.

Innsatsleiar Ole Marius Røttingen seier politiet ser dei to brannane på Dale i samanheng.

– Ein halvtime etter at det starta å brenna i Fabrikkvegen, så kom det ny melding frå jernbanestasjonen. Der var fleire søppelbøtter forsøkt sett i brann inne på toalettet/venterommet. Dette er med stor sansynligheit påsett, seier Røttingen til VP på staden.

Leilegheita i stasjonsbygget måtte evakuerast.

Politiet har eit vitne i saka som seinare fekk status som mistenkt.

– Det som er viktig på Dale i kveld, er at ingenting tyder på at det går nokon laus og tenner på no. Me har hand om ein person som me trur kan ha sett på dei to brannane. Me trur som sagt ikkje at det er andre ein treng bekymra seg for, understrekar Røttingen til VP i 22.30-tida.

Ein halvtime etter brannen i fabrikkvegen kom det melding om branntilløp i venterommet på jernbanestasjonen. På biletet politiet sin  innsatsleiar Ole Marius Røttingen.
Ein halvtime etter brannen i fabrikkvegen kom det melding om branntilløp i venterommet på jernbanestasjonen. På biletet politiet sin innsatsleiar Ole Marius Røttingen. Foto: Esben Hesjedal

eh@vp.no