KORONASTENGT: Stamnes skule vert stengt neste veke. (Arkivfoto)

To nye koronatilfelle i Vaksdal — Stamnes skule stengt

Det er i dag søndag meldt om to nye koronasmitta i Vaksdal kommune. Ein av dei smitta er tilsett på Stamnes skule. Skulen vert stengt neste veke. Det andre tilfellet er førebels ikkje stadfesta 100 %.

Søndag ettermiddag melde Vaksdal kommune dette:

— Vi har i dag motteke melding frå kommuneoverlegen om to nye smittetilfelle av korona i kommunen.

Stamnes skule stengt

Ein av dei smitta er tilsett ved Stamnes skule. Elevar og tilsette ved skulen må difor i karantene frå no og ut skuleveka 14. — 18. september. Det er sett i gong smittesporing og i morgon måndag 14. september starta testing. Føresette blir varsla direkte i eigne kanalar.

Daletunet og Vaksdal sjukeheim stengt for besøk

Sjukeheimane i kommunen blir stengt for besøk inntil vi har oversikt over situasjonen.

— Dette er noko som me gjer automatisk, og det har ikkje nokon direkte samanheng med dei to tilfella, fortel kommuneoverlege Ole M. Thorseth til VP.

Ein smitta, ein sterk mistanke om smitte

Han legg til at tilfellet på Stamnes skule er 100 % sikkert.

— Det eg kan seia om det andre tilfellet er at her er det sterk mistanke om koronasmitte, men at det førebels ikkje er stadfesta. Eit endeleg svar på det får me tidleg i veka, seier Thorseth.

Smittesporing og testing vert gjennomført for begge dei nye tilfella.