Ei avdeling ved Dale barnehage er tysdag stengt, grunna koronasmitte hjå ein tilsett. (Arkivfoto)

To nye smitta, barnehageavdeling stengjer

To personar har tysdag fått bekrefta smitte av Covid-19.

Vaksdal kommune opplyser at kommuneoverlegen melder at to nye personar har fått påvist korona.

– Ein av desse er tilsett i Dale barnehage. Ei avdeling i barnehagen vert stengt til og med 20. november. Barn og tilsette er no i karantene. Dei føresette og tilsette blir varsla direkte i eigne kanalar, heiter det i meldinga.