Kommuneoverlege Ole M. Thorseth er fornøgd med at etter intensiv testing, så går talet på smitta ned. (Arkivfoto)

To nye smitta søndag, men kommuneoverlegen trur smittebølgja avtek

— Det kan sjå ut som at smittebølgja me fekk i Vaksdal avtek, og det er veldig bra, seier kommuneoverlege Ole M Thorseth.

Søndag fekk Vaksdal kommune melding om at to nye personar hadde testa positivt på covid-19.

— Dette er to vaksne personar, og desse tilfella er handterte etter rutinane ved at dei er i isolasjon og nærkontaktane i karantene. Dette ser ut til å vera to enkeltståande tilfelle, og er ikkje knytte til skule, barnehage, helse og omsorg eller noko slikt, fortel Thorseth.

Mange testar

Når VP snakkar med han søndag ettermiddag, opplyser han at Vaksdal kommune har fått svar på så godt som alle dei mange koronaprøvane som vart tatt torsdag og fredag.

Laurdag og søndag er det ikkje gjort testing i Vaksdal.

— Det vart jo teke svært mange testar torsdag og fredag, og no har me fått tilbakemelding om at alle desse, utan om dei to nemnde, er negative. Det er veldig bra, og då håpar og trur eg at smittebølgja som me opplevde har roa seg. Det er teke over 400 testar dei to siste vekene, og at smittetala no er så låge, er det grunn til å gle seg over, seier kommuneoverlegen.

26 smitta

For utan dei to som fekk påvist smitte søndag, var dei siste tilfella før det ein person fredag og tre torsdag. Inkludert dei to siste tilfella søndag, er talet på smitta i Vaksdal kommune dei to siste vekene no 26.

Sjølv om utviklinga no ser ut til å gå rette vegen, minner Thorseth like vel om at ein ikkje må sleppa ned skuldrene.

— Nei, me må alle etterleva smittereglane og framleis halda avstand.