Kommuneoverlege Ole M. Thorseth seier at koronasmitten i Vaksdal har flata ut. (Arkivfoto)

To nye smittetilfelle torsdag

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser til VP at det er komme to nye tilfelle med koronasmitte torsdag.

— Dette er ein vaksen og eit barn, og det er for så vidt ikkje uventa. Me har hatt relativt mange smitta den siste tida, så at nokre av nærkontaktane til desse får påvist smitte, er normalt, seier Thorseth.

Han fortel at dei to nye smittetilfella var personar som allereie var i karantene, og desse er no sett i isolasjon. Dei skal berre ha milde symptom.

Med det har Vaksdal hatt to nye tilfelle søndag, to nye tysdag og altså to nye i dag, torsdag. Dermed er talet på smitta i Vaksdal kommune 30 i løpet av dei siste tre vekene. I tillegg var fire personar smitta i perioden før det, tilbake til mars månad.

— Me trur no at smitta har flata ut og er avtakande i kommunen vår. Og det er jo også trenden i landet generelt, medan Bergen og Voss har høge smittetal. Voss er no der som me i Vaksdal var for halvanna veke sidan, seier Thorseth.