TOGPROBLEM: Trafikken på jernbana mellom Stanghelle og Bergen er stansa grunna straumproblem etter trefall på linja ved Trengereid. (Arkivfoto)

Togstans mellom Stanghelle og Arna

Eit tre som har falle ned på jernbanelina nær Trengereid stasjon, har førebels stansa all togtrafikk mellom Stanghelle og Arna.

Dette melder Bane NOR i dag måndag.

Pressevakt Liv Tone Otterholt hjå Bane NOR fortel at det er uvisst når linja blir opna igjen.

— Lokaltoga frå Voss til Bergen snur no ved Stanghelle stasjon, fortel Otterholt.