RAS: Toskedalsvegen er stengt 200 meter innom Sverrestuven retning Gammersvik. (Foto: Torstein Mehus)

Toskedalsvegen stengt grunna ras

Torsdag føremiddag losna ei større steinblokk og rasa ned på den kommunale Toskedalsvegen i Stamnes. Raset gjekk 150 meter innom Sverrestuven, på Gammersviksida. Ingen personar skal ha komme til skade, men vegbana er øydelagt, og vegen naturlegvis då stengt.

— Delar av vegbana er forsvunne og vegmuren rasa ut i ei lengde på 15—20 meter, fortel avdelingsleiar for kommunalteknisk drift i Vaksdal kommune, Torstein Mehus.

Stengt fleire dagar

Steinblokka har losna 150 meter over vegbana og er blitt knust på sin veg nedover. Fleire steinar og mykje jord og tre har også følgt med i rasløpet nedover. Delar av blokka har hamna i sjøen.

Mehus fortel at han ikkje har vore oppe i rasområdet.

— Me må få ei vurdering her av geolog, før me kan gå inn med tiltak, seier Mehus.

Før denne vurderinga er gjort, kan ein heller ikkje sia noko om kor tid vegen kan opnast att. Truleg vil det gå fleire dagar, og vegen blir i alle fall ikkje opna att denne veka, får VP opplyst.

RAS: Mykje stein, tre og jord er hamna i vegbana. (Foto: Torstein Mehus)

Båtrute

Rådmann Atle Fasteland seier at kommunen vil setja opp båtrute mellom Gammersvik og Stamnes.

— Elles så er dette ein veg det har gått fleire ras på no i nyare tid, og me må få fortgang i planane om sikringsarbeid langs vegen. Arbeidet med dette skal prioriterast, seier Fasteland.

Det er eit 20-tals fastbuande i grendene Gammersvik, Toskedal og Grøsvik, som ligg innom rasstaden. Her er også ein del hytter i området der det no er feriegjester.