Delar av vegbana på Toskedalsvegen må byggjast opp igjen. Vegen vert stengt iallfall ut neste veke. Foto: Torstein Mehus

Toskedalsvegen vert stengt lenge

Fredag var geolog på synfaring ved rasstaden ved Sverrestuven, og det vart klart at det er mykje laus stein og jordmassar som å takast ned. Den kommunale vegen mellom Gammersvik og Kallestad vil iallfall verta stengt ut neste veke.

Torstein Mehus i Vaksdal kommune fortel fredag i 13.30-tida at han jobbar med å kontakta firma som kan ta oppdrag i samband med raset som gjekk mellom klokka 11 og 12 torsdag føremiddag.

Rydding og sikring

— Først må det inn eit firma som skal hogga vekk ein del skog over vegen. Her håpar me å få inn eit firma som har ei motorsag på ein krane. Å senda mannskap opp med motorsager, er for risikabelt. Så må området undersøkjast med drone, og det vert laga ein rapport. Denne vert utgangspunktet for sjølve sikringsarbeidet over vegen. Det er utfordrande å få tak i firma til å gjera det som må gjerast no sidan det er ferietid, fortel Mehus, som sjølv må avlysa ferien han skulle hatt neste veke.

Det må ryddast over Toskedalsvegen, då det mellom anna ligg slike lause steinar. Foto: Torstein Mehus

Det må også gjerast eit arbeid for å utbetra vegbana.

— 2/3 av vegbreidden er forsvunne på sjøen, dette i ei lengd på 10—15. Vegfundament nede ved fjorden må byggjast opp att, og så må vegbana reetablerast, seier Mehus.

Raset gjekk om lag 200 meter frå der det for ein del år tilbake gjekk eit ras som stengde vegen lenge.

— Denne gongen er heldigvis ikkje så mykje av vegbana som sist forsvunne. Då var 60—70 meter vekke. Vegen som no er treft av ras, ligg også nærare sjøen enn sist. Rasstaden er rett over fjorden for kaien til Mellesdalen, opplyser Mehus.

Toskedalsvegen stengt grunna ras

Ferje laurdag føremiddag

Laurdag klokka 10 vil det komma ei ferje til Gammersvik. Dette for å frakta bilar til Stamnes som er innestengde av raset. Dette gjeld fastbuande og hyttefolk i grendene Gammersvik, Grøsvik og Toskedalen.

— Kommunen sender ut info på SMS til folk i området. Dette omfattar dei som har registrert mobilnummeret sitt i kommunen sitt varslingssystem, og oppheld seg i området.

Det går også båtrute for å frakta passasjerar forbi rasstaden. Laurdag går denne klokka 09 og klokka 16 frå Stamnes til Gammersvik.