Ein bil fekk materielle skader i samband med eit trafikkuhell ved Fossmark måndag. Foto: Politiet

Trafikkuhell i Fossmark

Politiet melde måndag om eit trafikkuhell på E16 ved Fossmark. Det er ikkje meldt om personskade.

Hendinga vart meldt klokka 12.46.

- Det har vore eit mindre trafikkuhell, der ein bil har køyrt utanfor vegen. Det er manuell dirigering av trafikken, og politi på staden, vert det opplyst.