annonse

Trafikkulukke i Eksingedalen

Ulukke
Ulukke: Politi, ambulanse og brannvesen rykkjer ut til trafikkulukke i Eksingedalen. (Foto: Arkiv)

To bilar har kollidert mellom Høvik og Eikemo, om lag 1 km nedanfor Modalstunnelen. Tre personar sat i bilane, ingen skal vera hardt skadd.

Magne Solhaug

– Ulukka skjedde litt før klokka 16.00. Ein av bilane har hamna utfor vegen. Brannvesenet er på staden no. Politi og ambulanse er på veg, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen ved politiet sin operasjonssentral.

Det er smal veg på ulukkesstaden, og 80-sone.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.