Politi, ambulanse og brannvesen rykkjer ut til trafikkulukke i Eksingedalen.
Politi, ambulanse og brannvesen rykkjer ut til trafikkulukke i Eksingedalen. Foto: Egil Blomsø

Trafikkulukke i Eksingedalen

To bilar har kollidert mellom Høvik og Eikemo, om lag 1 km nedanfor Modalstunnelen. Tre personar sat i bilane, ingen skal vera hardt skadd.

– Ulukka skjedde litt før klokka 16.00. Ein av bilane har hamna utfor vegen. Brannvesenet er på staden no. Politi og ambulanse er på veg, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen ved politiet sin operasjonssentral.

Det er smal veg på ulukkesstaden, og 80-sone.

ms@vp.no