Politiet og dei andre naudetatane har rykt ut til Fv 569.

Trafikkulukke ved Straume

Klokka 22.40 måndag kveld rykte naudetatane ut til Fv 569 ved Straume i Stamnes. Føraren av den eine bilen forsvann frå staden.

— Det er meldt om ei trafikkulukke. To bilar er involverte. Føraren av den eine bilen har sprunge frå staden. Skadeomfanget er førebels ukjent, melde politiet.

Leita etter ein person

Klokka 23.45 opplyste politiet at det vart leita etter føraren av bilen som køyrde på den andre bilen.

– Ein person er sendt med ambulanse for sjekk. Det er to politipatruljar på staden, den eine er ein hundepatrulje. Det vert søkt etter føraren som har forsvunne. Det er ikkje grunn til å tru at denne føraren er skadd, sa operasjonsleiar Per Algrøy.

Formeining om kven føraren er

Tysdag morgon opplyste politiet sin operasjonssentral at leitinga etter føraren ikkje førte fram.

– Vedkommande vart ikkje funnen, og leitinga vart i natt avslutta. Saka vert vidare følgt opp av Voss lensmannskontor, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen.

Politioverbetjent Robert Veseth ved Voss lensmannskontor opplyste tysdag at det er oppretta sak på hendinga.

– Saka vert etterforska og det er føreteke ein del avhøyr. Politiet har ei formeining om kven som har køyrt bilen.

Hetlevikneset

Ved 110-sentralen fekk VP tidlegare opplyst at ulukka skal ha skjedd ved Hetlevikneset, som er like ved Straume, i retning Dale.

— To bilar var involverte, og den eine bilen har køyrt på den andre bakfrå. Det var til saman tre vaksne personar i bilane, og dei framstod som relativt oppegåande.