I FJELLVEGGEN: Denne bilen køyrde i tunnelveggen inne i Stavenestunnelen tysdag ettermiddag. (Foto: Vaksdal brannvern)

Trafikkulukke i Stavenestunnelen

Like etter klokka 17 tysdag rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på E16.

Klokka 17.50 melde 110-sentralen at brannmannskap er ferdige på staden, og at ein person vert sett til av helsepersonell.

E16 er opna for trafikk igjen.

Brannkoordinator Brede Tjønneland fortel at det denne gongen heldigvis ikkje var så dramatisk.

— Ein bil hadde køyrt i fjellveggen inni Stavenestunnelen, men det såg ut til å gå bra med føraren. Han vart sendt til medisinsk sjekk. Det var ikkje så store materielle skader som det først vart meldt om. Bilen stod greitt til, så det gjekk ikkje så lenge før me kunne returnera og politiet dirigerte trafikken forbi, seier Tjønneland.