Naudetatane rykte nyttårsaftan ut til ei trafikkulukke på fv 569 mellom Dale og Stamnes. (Illustrasjonsfoto)

Ingen skadde i trafikkulukke i Geitabotn

Nyttårsaftan rykte politi og brannmannskap ut til meldinga om ei trafikkulukke ved Geitabotn på Fv 569.

— Det er meldt om eit trafikkuhell der to bilar er involverte. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade. Naudetatane er på veg. Vegen på staden er smal, og det er ikkje passasje for andre, opplyste politiet like etter klokka 15.30, då ulukka vart meldt.

Ingen skadde

Utrykkingsleiar i Vaksdal brannvern, Morten Svarstad, opplyser like før klokka 17 at vegen er i ferd med å opna.

— Det var her tale om ein kollisjon front-mot-front mellom to bilar. Det var berre ein person i kvar av bilane, og det vart med ein gong meldt at det ikkje var personskade, så ambulanse har ikkje vore på staden. Men brannmannskap og politi rykte ut, fortel Svarstad.

Store materielle skader

Han opplyser at kollisjonen skjedde like ved Geitabotn, på Stamnes-sida.

— Det var store materielle skader på køyretøya, men no klokka 17 er vegbana rydda og politiet vil nok gje klarsignal til å opna vegen att om ikkje lenge.

Svarstad fortel at det var ein del utfordringar med å sikra at utrykkingskøyretøy kom fram.

— Det var mykje trafikk på vegen, og me har brukt ein del tid på logistikken og plassera bilar slik at ein kjem forbi der ein skal. Men no ser det ut til å løysa seg, sa Svarstad til VP klokka 17.