Naudetatane rykte laurdag føremiddag ut til ei trafikkulukke ved Hesjedalsfossen.
Naudetatane rykte laurdag føremiddag ut til ei trafikkulukke ved Hesjedalsfossen. Foto: Ill

Trafikkulukke ved Hesjedalsfossen

Laurdag i 10.30-tida vart dte meldt om ei trafikkulukke ved Hesjedalsfossen på Eidslandsvegen.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen ved politiet sin operasjonssentral opplyser at det var to personar som var involvert i ulukka.

– Det var førar og eit barn involvert. Dei skal begge vera oppegåande og ute av bilen. Folk som kom til like etter hendinga skjedde fortel at det er glatt på staden, og at bilen truleg har sklidd på grunn av dette. Ambulanse, brannmannskap, politi og bilbergar er på veg, opplyste Knappen til VP i 10.50-tida.