Utrykking: Brannmannskap rykte fredag ut til ei trafikkulukke ved Jamnatunnelen like ved Vaksdal. Foto: Esben Hesjedal

Ikkje alvorleg skadde i trafikkulukke ved Jamnatunnelen

Like etter klokka 09 fredag rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke ved Jamnatunnelen på E16. Ingen kom alvorleg til skade.

— Det var fem personar i den eine bilen, og ein person i den andre. Alle er ute av bilane og er oppegåande. Naudetatar er på staden. Det er trafikale problem i samband med ulukka, melder politiet.

Ulukka skjedde ved tunnelmunningen på Jamnatunnelen, på vaksdalssida.

– Dei involverte verkar for redningsmannskapa uskadde, men dei vert sett til av ambulansepersonell. Det var ikkje ein direkte front-mot-front kollisjon. Det er kø i området, men brannvesenet er på staden. Det er bestilt bergingsbil, opplyser vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen.

Det er store materielle skader på køyretøya.

Brannmannskap frå Vaksdal og Dale rykte ut til hendinga, i tillegg til ambulanse og politi.