Stanghelle skule vert stengt fredag grunna smitte og karantene hjå elevar og tilsette ved skulen. (Arkivfoto)

Tre nye smitta, stengjer Stanghelle skule

Tre nye personar har torsdag fått påvist koronasmitte. To av desse er knytte til Stanghelle skule, og fredag vert skulen stengt.

Torsdag i 14-tida får VP opplyst at tre personar har fått positive svar på koronatestar.

Kommunalsjef Ann Kristin Bolstad opplyser at to tilsette ved skulen har fått påvist smitte. Tidlegare har elevar ved skulen hatt positive koronatestar.

Stengt fredag

— Stanghelle skule vil verta stengt i ein dag, nemleg i morgon, fredag. Dette fordi me ikkje har nok vaksne som ikkje er smitta eller i karantene til å driva skulen, fortel Bolstad.

Tidlegare torsdag vart 6. klasse og 2. klasse sendt heim i karantene.

Denne karantenen gjeld ut neste skuleveke, altså til og med 20. november.

Heimeundervisning

— Karantene betyr at elevane skal halda seg heime og ikkje ha omgang med andre enn dei i familien. Det vert lagt opp til digital heimeundervisning, heiter det i ei melding som er sendt foreldra.

Dei tre som fekk svar på koronatestane sine i dag, kjem i tillegg til den eine personen det vart rapportert om onsdag kveld.

Melding frå kommunen

Torsdag la Vaksdal kommune ut følgjande melding:

Stanghelle skule blir stengd i morgon, fredag 13. november

To tilsette på Stanghelle skule har fått påvist Covid19, og fleire klassar og tilsette er tatt ut i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må stengje skulen i morgon på grunn av at vi ikkje har nok personale tilgjengeleg. Vi opnar igjen for undervisning på tysdag, måndag er planleggingsdag.

Informasjon om undervisninga i neste veke kjem til føresette frå skulen sine kanalar.

Vi minner om at karantene betyr at borna skal halde seg heime og ikkje ha omgang med andre born og vaksne enn familien.

Det er ikkje nødvendig å ringe koronatelefonen eller legevakt om de ikkje har symptom. Får ein symptom, så ring koronatelefonen på 453 77 777 eller legevakt 116 117 (kveld og helg).

Føresette er varsla direkte i eigne kanalar.