AO-Bandet, med Per Jørgensen bak, bidrog både med musikk og humør.
AO-Bandet, med Per Jørgensen bak, bidrog både med musikk og humør. Foto: Esben Hesjedal

Triveleg sommarfest i Elvevegen

Det var levande musikk, flott vêr og ikkje minst mykje blide folk då det sist laurdag vart arrangert sommarfest i Elvevegen på Dale.

Fellestunet mellom bustadene i Elvevegen var då flott pynta til fest.

– Me hadde lyst til å laga ein skikkeleg sommarfest for bebuarane her, og det ser ut til at det meste klaffa. Til og med bra sommarvêr fekk me. Mellom inviterte gjestar er familie til dei som bur her, tidlegare tilsette og folk i nabolaget, smilte ei fornøgd Hege Jakobson Bjørkheim som var ein av dei kommunalt tilsette i Elvevegen som drog i trådane.

Mellom festpynta bord var det laga buer med sal av mat og drikke, slik at folk kunne eta grillmat og kosa seg med musikk og underhaldning.

AO-Bandet

Sjølvskrivne musikalske bidragsytarar i ein slik samanheng, var den blide gjengen i AO-Bandet. Godt støtta av musikalsk leiar Morten Skage, bassist Mai-Britt Risnes Iversen og altmogelegmann Per Jørgensen, sprudla bandet på sommarfesten. På Song til fridomen fekk bandet også hjelp av tre ekstra koristar.

Også Torsdagsklubben, som mange gongar før har samarbeidd med AO-Bandet, bidrog med sommarlege tonar.

Geir Ove Erdal kjøpte drikke hjå Hanne Fossmark på sommarfesten.
Geir Ove Erdal kjøpte drikke hjå Hanne Fossmark på sommarfesten. Foto: Esben Hesjedal
Folk kosa seg i finvêret i Elvevegen. Frå venstre med «nabobordet» Anne-Marie Auro, Kåre Berge, Ole Knut og Sigrunn Beate Olsen.
Folk kosa seg i finvêret i Elvevegen. Frå venstre med «nabobordet» Anne-Marie Auro, Kåre Berge, Ole Knut og Sigrunn Beate Olsen. Foto: Esben Hesjedal

Naboar

Rundt eitt av borda sat naboar til dei kommunale leilegheitene i Elvevegen og kosa seg. Anne-Marie Auro, Kåre Berge, Ole Knut og Sigrunn Beate Olsen syntest det var kjekt å bli invitert på nabofest.

– Ja, dette er kjempekjekt. Me treff jo dei som bur her i Elvevegen stadig, og slår av ein prat. Men me kunne vore flinkare til å samlast slik som dette. Det er jo eit så flott tun her, som passar så godt til ein slik triveleg sommarfest. Me håpar det blir ein årleg tradisjon, sa Anne-Marie Auro.

eh@vp.no