SKULE I BARNEHAGEN: Det er i desse tomme barnehagelokala på Jamne at foreldre på Vaksdal ønskjer at dei minste skuleborna skal kunna gå både i SF0 og på skulen medan nyeskulen på Vaksdal vert bygd. (Arkivfoto)

Uavklart for småskulen på Vaksdal

Foreldre til småskuleelevane på Vaksdal ønskjer at borna deira skal få skulegangen i heimbygda, ikkje som planlagt på Stanghelle skule dei neste to åra. Sist veke var det møte mellm kommunen og foreldra, utan at saka vart løyst.

Det var ordførar, varaordførar og kommunalsjef som møtte representantar for FAU ved Vaksdal skule og Vaksdal barnehage til møte på Vaksdal.

— Det var eit godt møte, der foreldra sitt ønske vart løfta fram og saka vart drøfta. No skal administrasjonen vurdera om det er praktisk mogeleg å få til ei ordning der elevar frå 1.—4. klasse på Vaksdal skal få ha skuletilbodet sitt i heimbygda også i perioden der ny skule skal byggjast på Vaksdal, seier ordførar Hege Eide Vik (Sp).

Fryktar skulevegen, har lokale

I eit brev frå foreldra kjem det fram at årsaka til at ein ønskjer at borna deira skal sleppa å reisa til Stanghelle, er todelt. Ein ønskjer å unngå at borna deira må reisa med buss på trafikkfarlege E16. Så meiner dei at det også finst eit godt alternativt skulelokale i vaksdalsbygda; det tomme barnehagebygget på Jamne der planen er at SFO-tilbodet til dei same borna skal vera dei to neste åra.

— Eg forstår godt foreldra sitt ønske, og no skal me som sagt me sjå om dette praktisk let seg gjera, seier ordføraren til VP.

Håpar

Amanda Berge er med i FAU på Vaksdal, og ein av foreldra som hadde møte med politikarane og kommunalsjefen sist veke.

— Me er glade for at me fekk presentert ønskja våre, og me håpar sjølvsagt at dette skal lata seg realisera slik at dei minste borna våre kan ha skuletilbodet i same lokala der ein skal halda til i SFO-tida, seier Berge.