OPNA: Kulturskulerektor Sindre Sortland opna utstillinga i Turbinen. Foto: Kristine Næss Thorsen

UKM-utstilling opna i Turbinen

Kulturskulerektor Sindre Sortland opna kunstutstillinga i samband med Ung Kultur Møtes (UKM) laga av ungdomsskuleelevar.

— Eg har sett UKM-utstillingar fleire stadar i landet, og eg må seia at når ein samanliknar folketal så er det heilt imponerande påmeldingstal til UKM i Vaksdal kommune, sa Sortland, under opninga av utstillinga.

Både fotografi, måleri og graffiti-kunst laga av ungdomsskuleelevar og elevar ved Kulturskulen er no utstilt i Turbinen.

FOR ALLE: Utstillinga er i Turbinen til glede for alle som vil sjå. Foto: Kristine Næss Thorsen

Fylkessamling på Voss

Sortland kom spøkjefullt med fleire mogelege forklaringar om kvifor det kunne vera så høge påmeldingstal i Vaksdal.

— Men eg trur mest på forklaringa om at Vaksdal har den friskaste og flottaste samlinga av kreativ ungdom, skrytte han.

Etter at UKM-arrangementa i Vaksdal er ferdige er det fylkessamling på Voss i april.

FRÅ UTSTILLINGA: Både ungdomsskuleelevar og elevar ved kulturskulen har laga kunst til utstillinga. Foto: Kristine Næss Thorsen

Måla på pultar

JOBBA MED GRAFFITI: Sara Stamnes Vik var ei av elevane som hadde vore med å laga graffitikunst, Foto: Kristine Næss Thorsen

Nytt av året for utstillinga i Turbinen var at elevane måla på gamle pultar i samband med rivinga av skulen på Dale.

Sara Stamnes Vik, som går i 8. klasse, var ei av dei som var med på det.

— Det var gøy å få testa noko nytt, sa ho.

Ho måla mellom anna ein pult med motiv av planetar.

— Først fann me ut korleis planetane skulle sjå ut, deretter målte me dei på pulten. Bakgrunnen målte me til slutt, forklarte Sara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag er det scenedelen av UKM under Vintertreffet på Vaksdal.

ULIKE KUNSTTYPAR: Graffiti var blant kunsten som vart presentert i Turbinen. Foto: Kristine Næss Thorsen