RAUDT OG GULT: Ved Dale skule er det no raudt nivå på ungdomstrinnet, og gult nivå på barnetrinnet.

Ulik grad av heimeskule på ungdomstrinnet

Ved Dale skule skal 10. og 9. klassane gå på vanleg skule annakvar dag, og ha heimeskulen annakvar dag. For 8.-klassingane vert det to dagar heimeskule for kvar dag ein kan møta på skulen.

— 8.-klassingane er så mange, at me må dela dei i tre grupper. Dermed vert det oppmøte på skulen tredje kvar dag, medan dei to dagane innimellom er det skule heimanfrå, seier rektor Magnar Helland.

Han understrekar at det vert undervisning dei dagane elevane ikkje er fysisk på skulen.

— Ja, det er ikkje fri. Dessutan likar eg vel så godt ordet digital skule. Men det er utan tvil best for alle partar om ein kan hatt undervisninga på skulen, men no er situasjonen som han er og då får me ta denne utfordringa me har fått.

Utfordrande

Men rektoren legg ikkje skjul på at raudt nivå på ungdomstrinnet det medfører utfordringar.

— Barnetrinnet skal ha gult nivå som før jul, og her vert det skulegang kvar dag etter same mønster som tidlegare. Her kan heile klassar vera ei gruppe/korhort. På ungdomsskulen der det er raudt nivå, skal kvar gruppe/kohort ikkje vera meir enn på 20 elevar. I 9. og 10. klassane går dette greitt, sjølv om me nok kan få grupper med 21 eller 22. Men i 8. klassane der det er 28 elevar, må me dela dei i tre grupper. Dermed kan dei ikkje komma på skulen annakvar dag slik dei eldre elevane kan, seier Helland.

Avstand

Planleggingsdagen måndag vart brukt til å leggja planar for skulekvardagen dei neste to vekene. Noko av dette handla mellom anna om at lærarar og anna personell ikkje skal vera på ulike klassetrinn. Elles planlegg ein lengre undervisningsbolkar og færre fag. Også skuleskyssen må tilpassast raudt nivå. Her må mellom anna alle elevane bruka munnbind.

— Å overhalda avstand i skulebygningen er generelt utfordrande. Raudt nivå krev også oftare reinhald av kontaktpunkt og toalett. Det er mykje å passa på.

— Korleis vert det med gymnastikk og symjeundervisning?

— Dei eldste elevane, 10.-klassingane, satsar me på skal få vera i bassenget. Desse elevane skal snart ha karakter i faget, og dei har jo grunna byggjeperioden på nyeskulen knapt hatt bading på ungdomsskulen. Når det gjeld gymnastikk, så sert det ut til at Turbinen kan brukast for barnetrinnet. Det er ikkje heilt klarlagt korleis me løyser dette på ungdomstrinnet, seier Helland.

Håpar på berre to veker

Han håpar det raude nivået som regjeringa innførte frå 4. januar, ikkje blir gjeldande ut over dei to vekene som no er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me tek denne utfordringa, og me skal klara dette. Men eg håpar sjølvsagt at smitteverntiltaka kan løysast på etter to veker, seier rektor Magnar Helland.