annonse

Ungt damelag tapte i seriestarten

MÅL
MÅL: Unge Lisa Sellevold skåra årets første mål, og blir gratulert av lagveninnene. (Foto: Jostein Vassveit)

+ FOTBALL: Dale sitt damelag tapte 2-4 for Mathopen i seriestarten på Geitabakken torsdag kveld.

Esben Hesjedal

Ved pause stod det 1-1, og Rune Faugstad i heimelaget sitt trenarteam fortel om ein jamn kamp.

– Me kunne ha fått med oss både eitt og tre poeng, men på slutten skåra Mathopen to mål og avgjorde det til sin fordel. Då hadde våre spelarar vist heroisk innsats, og gjekk nok litt tomme for krefter. Men alt i alt var det ein positiv kamp, meiner Faugstad.

Han fortel at ein del forfall førte til at Dale stilte med eit ungt lag, mellom anna debuterte dei fire 15- og 16-åringane Kari Boge Sigurdson, Mari Zou Verpelstad, Hanna Faugstad og Lisa Sellevold. Sistnemnde skåra begge Dale sine mål.

– Dei unge jentene klarte seg veldig bra, og fortener ros for innsatsen. Det var også kjekt å sjå korleis dei eldre og meir rutinerte spelarane prata dei unge opp og på den måten gjorde dei gode, seier Faugstad.

Begge Dale sine mål kom etter at ei god Ingeborg Ese Haga kom seg gjennom forsvaret til Mathopen og la ballen inn framfor mål. Der sytte Lisa Sellevold for nettsus, eitt før pause og eitt etter.

Neste kamp for damelaget er 27. april, på bortebane mot Valestrand Hjellvik.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.