Fredag kveld vart det meldt om røykutvikling frå siloane til høgre i biletet. (Arkivfoto)

Jobbar framleis med ulmebrann i silo på Vaksdal

Fredag kveld rykte brannmannskap ut til mølleanlegget på Vaksdal. Naudetatane jobba utover natta. Klokka 05 melde politiet at dei avslutta på staden, medan brannmannskapa framleis jobbar med å få ned temperaturen i ein silo.

Laurdag morgon fortel vaktkommandør ved 110-sentralen, Håkon Myking, til VP at ein slik ulmebrann i ein silo er utfordrande.

— Det er vanskeleg tilkomst i ein slik silo. Men ein har no fått laga ein tilkomst, og det vert jobba med å få ned temperaturen. Det vert brukt nitrogen, og det skal verka bra. Men arbeidet på Vaksdal vert nok gåande ei god stund, seier Myking.

Det er ifølgje vaktkommandøren lokale brannmannskap, saman med brannfolk frå Arna, som jobbar på Vaksdal.

Meldt litt før klokka 20

— Det er meldt om røykutvikling i eller ved ein silo. Førebels veit me ikkje meir enn det, var den første meldinga frå politiet sin operasjonssentral.

Alarmen gjekk like før klokka 20.

— Brannmannskap er på staden og prøver å finna årsaka til røykutviklinga, sa Glenn Hamre ved brannvesenet sin operasjonssentral

Brannkoordinator Brede Tjønneland i Vaksdal kommune, opplyste fredag at situasjonen var uavklart.

— Det er røyk frå ein silo, og mannskapa på staden jobbar med korleis ein skal gå fram for å finna årsaka. Røykutviklinga vart meldt av tilsette ved mølleanlegget, seier Tjønneland.

Kontroll

Klokka 20.35 melde politiet på Twitter at brannmannskapa på staden førebels hadde kontroll på ein ulmebrann i ein silo.

— Det er pr. no ikkje aktuelt med evakuering. Naudetatane er på staden, opplyste politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannmannskap frå Vaksdal og Dale rykte fredag kveld ut til mølla.