IMPONERTE: Vaksdal Musikklag med dirigent Thomas Nøkling i spissen imponerte med eit variert program på nyttårskonserten laurdag. Foto: Kristine Næss Thorsen

Vaksdal Musikklag spelte nyttårskonsert nr. 30

Musikklaget framførte eit variert program til glede for dei mange som hadde møtt opp i samfunnsalen på Vaksdal laurdag kveld. (Sjå film frå konserten under)

Både «James Bond Theme», «Y.M.C.A» og «Reodors Ballade» stod på programmet då Vaksdal Musikklag for 30. gong inviterte til nyttårskonsert.

Elles fekk dei frammøtte mellom anna høyra «Hello» av den britiske låtskrivaren Adele, og den mexicanske folkesongen «La Bamba». I løpet av kvelden gjesta også Eirik Straume Normann nyttårskonserten, og ein av låtane han imponerte publikum med var introduksjonslåten til «Tre nøtter til Askepott».

Underhaldande

Ole Hesjedal hadde steppa inn som konferaniser få dagar før konserten. Han fortalde spøkjefullt at han kjente oppgåve tynga skuldrene, og at han håpte at han klarte å halda seg på beina.

Han introduserte låtane med interessante detaljer, og mange morosame poeng. For kvar låt som vart presentert las han eit vers av teksten til «Vårt korps» av Di Derre.

– Bli med i vårt korps hvis du liker å gå i takt, i ganske stilige uniformer, las han mellom anna.

Skrytte av korpset

Hesjedal, som bur på Stanghelle, understreka at han var glad i Vaksdal.

– Eg er glad for at korpset lukkast så bra.

Han meinte også at dirigent Thomas Nøkling var mykje av årsaka til at ein i korpset er så flink til å halda på medlemmar.

Godt oppmøte

I samfunnsalen var det pynta bord, og bakerst i salen var det sal av kaker og kaffi som dei om lag 80-90 gjestane koste seg med i konsertpausen.

Blant dei frammøtte var Inger Skage.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er stor fan av Vaksdal Musikklag, og likte spesielt godt «Feeling Good». I tillegg er eg glad i marsjar, så det var kjekt at dei hadde ein marsj som ekstranummer, sa ho og fortalde at sonen var innleigd til korpset i samband med nyttårskonserten.

Monica Skjerve, som også sat i salen, sa ho likte at musikken var så variert.

– Eg synest det var mest futt over «La Bamba» og så likte eg «Reodors Ballade».

Britt Kvam synest konserten jamt over var veldig bra.

– Eg plar å gå på nyttårskonsert kvart år, sa ho.