STENGJER: Rådmann Atle Fasteland fortel at Vaksdal også følgjer tilrådingstiltaka som kommunane vert oppmoda av regjeringa om å innføra i førebels to veker. (Arkivfoto)

Vaksdal stengjer ned

Vaksdal følgjer både krav og tilrådingar som er komne i kampen mot koronaviruset, og stengjer ned mykje av det som har vore ope fram til jul.

Det vil seia at slikt som Turbinen blir heilt stengt, førebels to veker. Det same gjeld for alle kulturelle aktivitetar innandørs, som kor- og korpsøvingar. Fellesøvingar i kulturskulen der elevane kjem frå ulike kohortar må truleg avlysast, men ein freistar å halda i gang øving der det berre er ein elev og ein instruktør/lærar.

Alle kommunale lokale er stengde for fritidsaktivitetar dei neste to vekene.

Dette fortel rådmann Atle Fasteland til VP etter at kommunal kriseleiing har hatt møte i dag, måndag.

Vaksdal sjukeheim og Daletunet

Sjukeheimen og Daletunet blir stengt for besøk. Pårørande til bebuarar i siste fase av livet kan framleis komma på besøk. Dei kan gjera avtale med personalet på sjukeheimen.

Idretts- og kulturarrangement

Ein tilrår at oppstart av all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, også for barn og unge, blir utsett til etter 18. januar.

Raudt nivå på ungdomsskulen

Skular og barnehagar held førebels opne, medan spesielle retningsliner på raudt nivå, gjeld for ungdomsskuleelevane på Dale og Bergo. Dette omfattar mellom anna skjerpa avstandsreglar og eit undervisingsopplegg lagt opp i kohortar. Heimeskule kan også bli aktuelt i dei neste to vekene for ungdomsskuleelevane. Orientering vert gjeve frå skulane til elevar og føresette.

— I dag har ein planleggingsdag, og elevane har ikkje vore på skulen. I morgon, tysdag, startar undervisinga att, seier Fasteland, som altså ikkje ser vekk frå at det kan bli ytterlegare innskrenkingar for skuleelevane.

Den tredje store koronadugnaden

— Vaksdal har hatt lite smitte den siste tida, skal me klara å halda oss der, er det viktig at me følgjer dei nye og strenge retningslinene som gjeld i førebels to veker, seier Fasteland.

Han fryktar elles at dette tredje store dugnadsløftet ein no krev av innbyggjarane mot koronaviruset, langt frå er den siste.

— Me stengde ned rundt påsketider, i haust og altså no att. Eg trur me lett kan få ein tøff vår, men trøysta er at vaksinen er komen. Dei første dosane vert sette denne veka på bebuarar på Daletunet. Vaksdal sjukeheim følgjer etter om kort tid, og sidan resten av innbyggjarane våre. Alle får personleg beskjed når dei kan få ta vaksinen, seier rådmannen — som til sist minner om den viktige munnbindbruken:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bruk munnbind når du ikkje kan halde meteren. Vaksdal kommune tilrår at både tilsette og kundar brukar munnbind på butikkar og andre offentlege stader der det er fare for at du ikkje kan halde ein meter avstand.