REGISTRER DEG PÅ NETT: - Dei som vil registrera seg for vaksinering mot korona, må gjera det via nettsida til kommunen, seier leiar for kommunikasjon og service i Vaksdal kommune, Mona Mekki. (Foto: Vaksdal kommune)

— Vaksinetelefonen er «sprengt», registrer deg på nettsida til kommunen.

— Alle må framover registrera seg for vaksinering på nettsida til kommunen.

Dette fortel leiar for kommunikasjon og service i Vaksdal kommune, Mona Mekki til VP. Ho er veldig glad for at det er mange om vil registrera seg for vaksinering, men dei må no gjera dette via nettsida vår.

— Me kan ikkje imot registreringa på telefon lenger, det er berre for dei som ikkje klarar det sjølv og ikkje har nokon som kan hjelpa. Kapasiteten på vaksinetelefonen er sprengt. I dag og i går er det svært mange oppringingar som våre folk ikkje har greidd å svara på, og me har ingen sjanse å ringja opp att, fortel ho.

Mekki oppmodar no alle som kan om å bruka løysinga på nettsida når ein skal registrera seg for vaksinering.

— Og dei som ikkje klarar å registrera seg på nettet kan sikkert få hjelp av nokon dei kjenner. Dette er ikkje vanskeleg, seier Mekki.

Informasjon om registreringa, og sjølve vaksineregistreringa finn ein her: