Måndag på dagtid, og rundt midnatt natt til tysdag, er det venta svært høg vasstand. Biletet er frå Stanghelle under ekstremvêret Didrik i midten av januar. Det er venta høgare vasstand denne gongen. Foto: Esben Hesjedal

Varslar svært høg vasstand

Ekstremvêret Elsa er måndag på dagtid og natt til tysdag venta å gje svært høg vasstand.

Meteorologisk institutt melder at den høge vasstanden kan verta 80—100 centimeter over tidevasstabellen.

Det er sendt ut ekstremvarsel, med fare for øydelegging av infrastruktur og bygningar i strandsona. Folk blir rådde til å unngå ferdsel i strandsona, vurdera å ta båtar på land og sikra lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Ekstremvêret Elsa er venta å gje høgare vasstand enn situasjonen vart med ekstremvêret Didrik i midten av januar. Då vart det ikkje meldt om skadar i Vaksdal eller Modalen.

Den aller høgaste vasstanden er meldt måndag kveld mellom klokka 23.00 og tysdagsnatta klokka 02.00. Men også når det er flo i 12-tida måndag, er det venta svært høg vasstand.