LEVANDE MUSIKK: Elevane i småskulen på Stanghelle fekk endeleg ei konsertoppleving igjen, i regi av Den kulturelle skolesekken. Foto: Evy Kvamme

— Veldig kjekt med ein konsert etter gammalt

Onsdag og torsdag denne veka var det endeleg duka for ny skulekonsert i regi av Den kulturelle skolesekken (DKS).

— Me har vore sveltefôra på aktivitet i regi av DKS. Denne konserten vart avlyst i mars i fjor på grunn av pandemien. No er me endeleg på banen igjen, og kan få utfalda oss og vera med på konsertar i regi av DKS, seier Evy Kvamme, som er kommunekontakt for DKS i Vaksdal.

To konsertar

Den første konserten vart gjennomført onsdag føremiddag på Stanghelle skule, for alle borna på 1. til 4. trinn. Til saman fekk 105 elevar frå Stanghelle og Vaksdal oppleva Tre Kompfyrer i samfunnssalen på skulen.

— Det var veldig kjekt med ein konsert etter gammalt. Barna og dei vaksne koste seg, og barna var med frå første stund. Lærarane var imponerte over konserten og måten musikarane fengja borna på, fortel Kvamme.

Torsdag er det småskuleelevane frå Dale og Stamnes sin tur til å vera på same konsert, men då i Turbinen.

MUSIKK: Tre Kompfyrer i Turbinen. Frå venstre Sigurd Ulveseth, Helge Nyheim og Arild Seim. Foto: Evy Kvamme

På grunn av vegstenginga på fv. 569 må elevane frå Stamnes venta i nesten to timar i Turbinen før konserten, opplyser Kvamme. I tillegg hadde dei eit håp om å bruka kultursalen på Dale skule til konserten, men der held arbeidet på for fullt med å montera skyveamfiet.

GOD STEMNING: Det var god stemning i Turbinen torsdag. Foto: Evy Kvamme

Musikalsk rundreise

Underhaldninga på miniturneen for småskulen i Vaksdal kommune er det altså Tre Kompfyrer som står for. Dei er Arild Seim på gitar og vokal, Sigurd Ulveseth på kontrabass og vokal og Helge Nyheim på trommer og vokal. Sistnemnde vaksdøling er det lokale alibiet.

Under namna Bing, Bang og Bongo presenterte dei rytmisk musikk i fleire former, og tok elevane med på ei rundreise frå kontinent til kontinent. Dei var innom sjangrar som latin, rock, jazz og blues, og elevane vart oppfordra til å vera med og syngja og klappa undervegs i konserten.

TRE KOMPFYRER: F.v. Sigurd Ulveseth, Helge Nyheim og Arild Seim heldt konsert for 1. til 4. trinn ved Stanghelle skuleonsdag. Foto: Evy Kvamme