SONG: Amalie Dalseid Landro framførte ein song på utescenen ved skulen. Ved bordet sit Hedda Straume Fyllingslid og Thorstein Bru Nøkling.

Vellukka vandreskodespel

Med song, dans og sjølvskrive manus sjarmerte og imponerte elevane som går valfaget «produksjon for scene» ved Dale skule, då dei hadde utandørs teaterframsyning sist veke.

Torsdag kveld var det duka for to framsyningar av skodespelet/musikalen som elevane har arbeidd med i snart eit halvt år. Den første framsyninga var reservert for foreldre, medan den andre var open for alle.

Smak av sommar

Elevane hadde på førehand ønskt seg fint vêr til dagen, sidan storparten av handlinga skjer utanfor skulen på Dale. Dette ønsket vart oppfylt med shorts- og sommarkjoletemperaturar.

Les også
Øver til vandreskodespel ved skulen

Elevane har lagt ned mykje arbeid i produksjonen, og publikum fekk gle seg over eit breitt utval av referansar til filmar i «high school»-sjangeren av både eldre og nyare dato.

Kjærleiksdrama

Når ei ny jente byrjar i klassen, oppstår det fort konkurranse mellom leiarane av dei rivaliserande gjengane «good guys» og «bad guys» om å vinna hjarta til den nye jenta. Men deretter tek historia nokre nye vendingar, og i god stil endar det godt for alle dei involverte.

Etter å ha runda av framsyninga med song i foajeen, akkompagnert av musikarar, kunne både elevane, publikum og lærarane Markus Kydland og Maya Mykkeltvedt seia seg fornøgde med resultatet.

LUKKELEG SLUTT: Elevane avslutta med sjølvskriven song i foajeen.

— Det var veldig kjekt; dei er så søte, var nokre av kommentarane som kom frå stolte foreldre like etter.

— Dei er så flinke og engasjerte, og har jobba så hardt med dette, sa Mykkeltvedt med eit smil.