RAS: Det vert no lagt grus i vegen på begge sider av der rasstaden. Dette for å skåna vegen dersom ei stor steinblokk skulle losna og komma ned. Foto: Torstein Mehus

Vêret gjev utfordringar for Toskedalsvegen

Regn gjer at arbeidet med raset ved Sverrestuven på Toskedalsvegen kan verta sett på vent. For tida vert det jobba med førebuingsarbeid for ta ned ei stor steinblokk.

Torstein Mehus i Vaksdal kommune opplyser at på dagar med meir enn 15 millimeter nedbør, så kan ikkje arbeidsfolk arbeida i rasløpet på den kommunale vegen mellom Kallestad og Gammersvik.

– Det er geologen som har sett denne grensa, og det gjorde at ein ikkje kunne starta med jobbing i rasløpet måndag. Slik vermeldingane ser ut no, så er det litt usikkert når ein kan jobba og ikkje, seier Mehus.

Stor steinblokk

I rasløpet over vegen ligg det ei stor steinblokk. Den har ein bestemt at må takast ned. Blokka er mellom 10 og 15 kubikk stor. Dette tilsvarar storleiken til fleire personbilar.

– Den er no lagt grusmassar i vegbana nedom blokka for å avlasta vegen. Så er meininga å «puta» blokka ned og ut i fjorden. Det vil seia at ein brukar fleire luftputar som ein bles opp med trykkluft, og desse skal pressa blokka ut. Håper er då at den roleg sig ned i vegen og vidare i fjorden. Det vert laga ein slags skråbakke frå der blokka er og ned i vegen. Massane skal gje ein støtabsorberande og avlasta vegen når blokka kjem. Skulle heile vegen forsvinna, vil ein få eit mykje større og dyrare oppbyggingsprosjekt, seier Mehus.

Vil ta tid

Før helga vart det rydda ein god del skog i rasområdet. Måndag vart det gjort ein jobb-analyse i høve tryggleiken i prosjektet. Sidan har ein jobba med tilrettelegging i randsona av rasløpet.

Det er Sartor Maskin som skal gjera sjølve rassikringsjobben og utbetra vegen. Når det kan gjerast og når vegen kan opnast, er det umogleg å seia noko om førebels.

– Tida dette tek er både avhengig av vêret og kor mykje laust som blir funne over vegen. Men det går framleis veker, det er det ingen tvil om. Når ein får fjellklatrarar opp i området vil ein finna meir ut om kva som må gjerast, seier Torstein Mehus.