Ein person heimehøyrande i Vaksdal fekk laurdag påvist koronasmitte.

Likevel eit nytt smittetilfelle i Vaksdal kommune

Ein vaksen person i Vaksdal kommune har fått påvist koronasmitte. Manglande varsling gjorde at ein først trudde dette var eit tilfelle i ein annan kommune.

VG melde laurdag at ein ny person var smitta med covid-19 i Vaksdal. Kommuneoverlegen opplyste til VP måndag morgon at han ikkje har fått melding om noko nytt smittetilfelle.

— Nei, me har ikkje fått melding om nye smitta i helga. Det er truleg snakk om ein som har oppgjeve Vaksdal som bustadkommune, men som ikkje oppheld seg her no, sa kommuneoverlege Ole M. Thorseth.

— Ein glipp at me ikkje vart varsla

Men måndag føremiddag seier Thorseth at ein no har fått klarlagt at det er eit nytt smittetilfelle i Vaksdal.

— Personen har blitt testa i Bergen, og det er grunn til å tru at det også er her han har blitt smitta. Han er i isolasjon i Vaksdal slik han skal, og nærkontaktar er i karantene. Så alt er gjort etter prosedyrane, opplyser Thorseth.

Kommuneoverlegen seier det har vore ein glipp at ikkje Vaksdal kommune har blitt varsla etter at det kom positivt prøvesvar i Bergen laurdag.

— Ja, kommunen skulle ha blitt varsla, så her har det skjedd ein glipp. Men dette med isolasjon av den smitta og karantene av nærkontaktar er gjort, så det er ingen grunn til å tru at dette tilfelle har utløyst noko vidare smitte, seier Thorseth.

Langt mellom smittetilfella

Før dette siste smittetilfellet, var Vaksdal sin siste positive kortonatest fredag 20. november.

— Det er langt mellom smittetilfella no, og det er bra. Nye smittetilfelle no framover kan komma, men då vil det nok vera importsmitte, seier Thorseth.

Evaluering i dag

Vaksdal kommune skal i dag, måndag, gjera ei evaluering av smitteverntiltaka som for ei veke sidan vart forlenga. Gjeldande tiltak gjeld i utgangspunktet ei veke til, fram til søndag 6. desember. Men det skal gjerast ei evaluering etter ei veke, som altså er i dag.

Kommuneoverlegen trur ikkje at det vert gjort store endringar på gjeldande smittevernreglar no.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, men det kan komma nokre mindre justeringar. Det vil verta kunngjort når dei det er klare, i løpet av dagen i dag, seier Thorseth.

— Folkeregistrert adresse

På nettsidene sine skriv VG følgjande om oversikta avisa har om alle kommunar i Noreg:

— Registreringer i MSIS baserer seg på folkeregistrert adresse. I noen tilfeller kan den smittede oppholde seg, og få behandling, i en annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Det kan f.eks. gjelde studenter. Hjemkommunen vil ikke nødvendigvis vite om disse tilfellene, selv om det er registrert på deres kommune i MSIS.