Det er ikkje vanleg å kunna skriva datoen i snø på bilruta 14. mai.

Vinterleg maidag

Mange vakna opp til snø, idag, torsdag 14. mai.

Mai brukar ikkje å vera rekna som ein av vintermånadene, men dei siste maidagane har vore vinterlege. Bileta frå Dale viser at snøen ikkje har takka for seg.

Yr melder om litt mildare temperatur utover torsdagen, med 4 til 6 grader på Dale.

Arbeidermonumentdama fraus nok litt torsdag morgon.

I dagane fram mot 17. mai lyder meldingane på 2 til 7 plussgrader og litt nedbør.

Så spørst det om 17. mai, som frå før vert unormal nok utan dei faste postane, også kan by på snø?

I Bergsdalen kom det natt til torsdag 4-5 centimeter nysnø.

Det vert meldt om at natt til onsdag var temperaturen nede i minus 10 grader.

Vinterleg i Bergsdalen. Dette biletet er tatt mellom Rødland og Hamlagrø. (Foto: Trond Erik Faugstad)