annonse

Viste fram brannbil frå 1965

VETERAN
VETERAN: Brannbilen frå 1965, med vasspumpe i fronten og ein motor som framleis summa fint, vekte interesse både frå publikum og brannmannskapa. Frå venstre Ruben Svarstad, Anders Mathias Straume og Morten Straume. (Foto: Esben Hesjedal)
STOR INTERESSE
STOR INTERESSE: Mange born og småbarnsforeldre syntes det var stas då dei minste fekk ein prøvetur med brannbilen. (Foto: Esben Hesjedal)
KJEKT
KJEKT: Snart seks år gamle Torbjørn Rolland Midtun frå Helle likte godt å sitja bak rattet på brannbilen frå 1965. (Foto: Esben Hesjedal)

Ein brannbil frå 1965 vekte interesse hjå fleire då det var open brannstasjon på Dale sist laurdag.

Esben Hesjedal

Som ein del av brannvernveka, var det som vanleg ope for folk å besøkja brannstasjonane på Vaksdal og Dale.

Mange born nytta sjansen til å få kikka på brannbilar, spyla med slangar og å ta ein liten testtur med køyretøya dagens brannmannskap nyttar når alarmen går.

Veteranbil

På Dale hadde ein denne gongen noko nytt å visa fram, det vil seia noko gammalt. For brannbilen som inntil nyleg stod på Eidsland, ein 1965-modell, var stilt ut.

Brannkoordinator Brede Tjønneland i det lokale brannvernet fortalde at i den nye brannordninga som er vedteken, så skal det framleis vera brannbil på Eidsland.

– Så me er på utkikk etter ein passande bil som skal stasjonerast på Eidsland, sa Tjønneland.

Gått lite

Sjølv om dei fleste er einige i at ein brannbil frå 1965-modell er moden for utskifting, så var det mange som var fasinerte av veteranbilen.

– Bilen har berre gått 9.670 km. Det betyr at han knapt nok er innkøyrt. Og sjå kor fint motoren går, ein kan setja ein femkroning oppå motoren utan at han dett, smilte utrykkingsleiar Morten Svarstad.

Sterkaste pumpa

Han peikte også på brannpumpa som stod i fronten av bilen.

– Denne pumpa her er faktisk framleis den sterkaste pumpa me har på brannbilane i Vaksdal. Ingen av pumpene i dei andre, moderne brannbilane pumpar ut så mykje vatn som denne, slo Svarstad fast, som håpte at ein kan ta vare på veteranbrannbilen og visa den fram i slike samanhengar.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.