UTSYN: Skodda og skydekket spelte på lag med turgåarane då dei nærma seg mål. I bakgrunnen ser ein kyrkja i Bergsdalen. Foto: Randi Kleppe

Eit hausteventyr i fjellet

Meir enn 30 spreke turgåarar gjekk sist helg over fjellet frå Bolstad til Bergsdalen i lag med Vaksdal turlag.

Ruta dei følgde var den gamle ferdslevegen mellom Bergsdalen og Bolstad. Folket i dalen følgde den nesten elleve kilometer lange ruta då dei skulle til kyrkja på Bolstad før i tida. Turleiar Elizabeth Gjessing var strålande fornøgd med innsatsen etter at turen var over.

— Tusen takk for ein kjempefin tur, alle saman. Alle har kome fram i god behald, og me er framme akkurat då me sa me skulle, sa ho til ein minst like fornøgd gjeng som stod samla rundt ho utanfor Bergsdalstunet i halv firetida laurdag ettermiddag.

SISTE ETAPPE: Meir enn 30 personar - og ein hund - gjekk frå Bolstad til Bergsdalen på laurdag. Her frå Flatafjellet, like før nedstigninga til Lid. Foto: Randi Kleppe

20 minutt med sol

Om lag fire og ein halv timar tidlegare starta turen frå Bolstad. Opphavleg var nesten 40 personar påmelde, men nokre melde fråfall i siste liten — kanskje på grunn av vêret, som etter ei veke med strålande haustsol hadde slått om til yr og lågt skydekke i fjellet akkurat denne dagen.

— Men det var eigentleg fint turvêr. Det var i det minste ikkje striregn. Og på ein 20 minutt lang matpause skein sola heile tida, og varma faktisk ganske godt, fortalde ein av turdeltakarane til VP sin utsende journalist, medan gruppa var på veg ned frå Flatafjellet.

Lokka med gulrot

Underteikna juksa litt, og gjekk turgruppa i møte like ovanfor Bergsdalstunet. Men det vart opplyst av fleire av deltakarane at turen frå Bolstad hadde vore ganske blaut og myrete, og litt bratt enkelte plassar. Men at det var ein fin tur, var ingen av dei i følgjet som VP snakka med i tvil om.

— Heilt klart. Turen var ikkje så tung som eg trudde den skulle vera, sa Ida Helle, som gjekk turen for fyrste gong.

Bjørg Sandvik hadde heller ikkje gått turen før, og hadde berre gode ord å seia om opplevinga.

— Eg synest det er veldig kjekt at turlaget lagar til slike turar, for ein går ikkje slike utan guide. Med guide får ein høve til å sjå nye plassar. Eg synest òg det er fint med alt det arbeidet turlaget har lagt ned i å merka stiar, rosa Bjørg, og la til at turen vart ekstra bra av å kunne avslutta med ein middag på Bergsdalstunet.

— Eg trur heilt klart at middagen var litt «gulrot» for mange av dei som var med på turen i dag, la Ida til med eit smil.

GOD OG METT: På Bergsdalstunet venta ein trerettars middag basert på lokale råvarer.

Lokale freistingar

Sola kikka fram frå bak skyene idet dei 31 vandrarane kom ned den siste brekka til Lid, der ein treretters middag hjå Bergsdalstunet venta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svoltne turgåarar vart serverte lokale rettar av ypparste sort. Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse kunne by på lettspekt lam av året, med ost laga av eiga mjølk, rømme og flatbrød til forrett. Til hovudrett stod lammegryte med omnsbakte poteter, grønsaker, blomkålpuré og brokkoli på menyen. Måltidet vart avslutta med karamellpudding laga med mjølk frå garden.

SOLGLØTT: Sola kom så vidt til syne idet turgruppa nådde fram til Bergsdalstunet. Foto: Randi Kleppe

Sesongavslutning

Meir enn 30 deltakarar på ein slik tur som turlaget arrangerte i helga er imponerande. Turleiar Elizabeth Gjessing kunne informera om at seniorgruppa i turlaget hadde blitt spesielt inviterte. Dei stilte mannsterke opp og utgjorde ein god del av følgjet. Elizabeth trudde òg at middagen freista fleire til å bli med på turen.

— Me må kanskje gjere fleire slike turar, med noko attåt, for det var tydelegvis mange som likte det.

Turen var òg å rekna som ein slags sesongavslutning for styret i turlaget.

— Det er fint å få til noko slikt som dette, og vera litt sosiale saman, etter det som har vore ein litt spesiell vår og sommar, avslutta turleiaren.