Dei unge er på full fart inn i badminton-sporten. Her Vilde Langhelle som var best av jentene i julecupen.
Dei unge er på full fart inn i badminton-sporten. Her Vilde Langhelle som var best av jentene i julecupen. Foto: Atle Dahle

Badminton er i vinden

BADMINTON: Sidan Turbinen opna har det vore bra med badminton-aktivitet for vaksne. No har også dei unge fatta interessa for det som er kalla verdas raskaste ballsport.

Laurdag vart det spelt 40 badmintonkampar i Stanghelle IL si juleturnering. Vilde Langhelle og Frikk Midtsæter var best mellom dei yngste, medan Morten Sellevold trekte det lengste strået i seniorklassen.

Ung suksess

- I haust vart det starta opp badminton for ungdom, og det har vore ein suksess. Robert Eriksen er primus motor, og han er ein dyktig og tolmodig lærar for dei unge. Ungdommane er engasjerte og tek raskt til seg tips og triks, fortel Oliver Klose, som på same vis som Eriksen har vore sentral i det lokale badminton-miljøet dei siste åra.

Vilde og Frikk

I jentefinalen vann Vilde Langhelle over Hilde Hammer Stanghelle, medan Frikk Midtsæter slo Martin Davidsen i gutefinalen. I double var det Kristian Karlsen jr. og Martin Davidsen som slo best frå seg mellom gutane, medan Hilde Vik Dale og Vilde Langhelle vann jenteklassen.

- I herrefinalen vart det ein spennande kamp, der Morten Sellevold tapte første settet for Robert Eriksen. Men Sellevold klarte å dra dei to neste setta i sin favør, og sikra seg sigeren. Det er veldig gøy å sjå ein slik avgjerande kamp, når begge finalistane spelar svært godt og gir alt etter mange timar på bana i løpet av laurdagen, smiler Klose.

I double var det til slutt Gerry Lian og Robert Eriksen som stod att som sigerherrar, i ei turnering som vert omtalt som vel gjennomført og vellukka.

Morten Sellevold (t.v.) slo Robert Eriksen i ein intens finale i Turbinen laurdag.
Morten Sellevold (t.v.) slo Robert Eriksen i ein intens finale i Turbinen laurdag. Foto: Oliver Klose