Frå 1. august er det ope for at born og unge opp til og med 19 år kan spela fotballkampar igjen. (Illustrasjonsfoto frå Sparebanken Vest cup på Vaksdal)

Born og unge kan spela kampar igjen

Frå 1. august vert det opna for fotballkampar og andre idrettsaktivitetar for born og ungdom.

Kulturminister Abid Raja opplyste at opninga gjeld for dei som er 19 år eller yngre, og dei kan konkurrera mot andre frå same idrettskrins.

– Fra 1. august vert det gjort det unntak fra avstandskravet i covid-19-forskrifta ved gjennomføring av konkurransar der alle deltakarane er under 20 år og aktiviteten ikkje kan utførast som normalt dersom ein skal overholda avstandskravet til ei kvar tid. Opning er avhengig av at smittesituasjonen på det tidspunktet tillet det, skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

I barne- og ungdomsidretten har ein kunna trene med fysisk kontakt frå 1. juni. Opphavleg var 1. september formidla som dato for oppstart av kamp- og konkurranseaktivitet, men denne blir no altså flytta fram éin månad.

For vaksne fotballspelarar nedover i divisjonane, slik som Dale og Vaksdal sine seniorlag, er det framleis ikkje bestemt når ein kan starta med vanlege treningar og kampar.