Mange tette dualler, her er det keeper Jens Solstad som ryddar opp.
Mange tette dualler, her er det keeper Jens Solstad som ryddar opp. Foto: Esben Hesjedal

Dale tok med seg Vaksdal til 6. divisjon

Eit tett og jamspelt lokaloppgjer mellom Dale og Vaksdal enda 1-1 laurdag, og dermed rykte også Vaksdal ned ein divisjon.

Det vart ein jamnare kamp på Geitabakken enn mange hadde trudd, og iallfall om ein såg på tabellen. Dale hadde med sine fire poeng for lengst rykt ned, medan Vaksdal med 20 poeng desperat trong ein siger. Kanskje var det nervane som gjorde at Vaksdal ikkje kom heilt opp på nivået laget kan. I tillegg spelte Dale truleg sin beste kamp for sesongen, og i første omgang var faktisk heimelaget vel så kvasse framfor mål som Vaksdal.

Men det stod 0-0 til pause.

Flott skåring

2. omgang var ikkje spelt meir enn 2-3 minutt då Bjørn Tore Myrvold kom seg fint fri på venstrekanten. Innlegget gjekk over midtforsvaret til Vaksdal, og der kom Preben Sandvik springande. På direkten hamra han ballen i nettaket, utan sjanse for Vaksdal sin keeper Odd André Boge.

Med det kunne dalingane jubla, medan Vaksdal såg nedrykksspøkelset i augene.

Utlikning

Men Vaksdal kjempa vidare, og midtvegs i omgangen fekk dei endeleg utteljing. Thomas Erstad kom seg fri i feltet, og avslutta kontant til side for Jens Solstad i Dale sitt mål.

Andreas Eide Søberg prøvers eg på frispark.
Andreas Eide Søberg prøvers eg på frispark. Foto: Esben Hesjedal
Vaksdal jakta den avgjerande skåringa på slutten, men lukkast ikkje.
Vaksdal jakta den avgjerande skåringa på slutten, men lukkast ikkje. Foto: Esben Hesjedal
Det vart ein spennande kamp på Geitabakken laurdag.
Det vart ein spennande kamp på Geitabakken laurdag. Foto: Esben Hesjedal
DEt var bra med publikum på Geitabakken, sjølv om det har vore endå meir folk på lokaloppgjera tidlegare.
DEt var bra med publikum på Geitabakken, sjølv om det har vore endå meir folk på lokaloppgjera tidlegare. Foto: Esben Hesjedal
Mathias Dale skyt, men treff utanfor Dale sitt mål.
Mathias Dale skyt, men treff utanfor Dale sitt mål. Foto: Esben Hesjedal
Veteran Kim Andre Njaastad i kamp med Remi Søvik.
Veteran Kim Andre Njaastad i kamp med Remi Søvik. Foto: Esben Hesjedal
Det var ein intens kamp på Geitabakken.
Det var ein intens kamp på Geitabakken. Foto: Esben Hesjedal

Vaksdal var då berre eitt mål frå å redda plassen i 5. divisjon, men det skulle visa seg å vera enklare sagt enn gjort.

Trass i nokre sjansar mot slutten, mellom anna ein ball som small i stanga til Dale, så var det faktisk heimelaget som var nærast i henta heim alle tre poenga.

Nær skåring

Ruben Søvik kom på ei kontring like før slutt åleine og runda keeper. Men eit sugande løp tilbake av Ronny Boge gjorde at han klarte å avskjera avslutninga på veg inn i mål.

Kampen ebba ut med 1-1, som nok var eit rettferdig resultat etter spel og sjansar. Men det var altså akkurat ikkje godt nok for Vaksdal, som må ta den tunge turen ned i 6. divisjon, saman med Dale.

– Fortener ikkje meir

Ørjan Boge på Vaksdal slo fast at laget hans ikkje fortente alle poenga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dale fortener honnør, dei spelte ein god kamp. I dag fortente me ikkje meir enn uavgjort. Men det er ikkje denne kampen som gjer at me rykkjer ned. Me har hatt mange sjansar til å henta dei poenga me hadde trengt tidlegare, meinte Boge.

Nye lokaloppgjer

Målskårar Preben Sandvik var fornøgd med innsatsen til heimelaget.

– Hadde me spelt slik i alle kampar, så hadde me ikkje lagt nedst på tabellen. Eigentleg er det litt trist å vera med å senda Vaksdal ned, men no blir det lokaloppgjer også neste år, sa Sandvik.

Skuffa

Vaksdaltrenar Rune Herfindal var skuffa.

– I dag er me ikkje gode nok, så enkelt er det. Når ein ikkje vinn ein einaste kamp i løpet av haustsesongen, så blir det nedrykk. Ein kan sjølvsagt skulda på uflaks, Andreas Søberg har vel sin femte i stanga i haust i dag, men det hjelper lite. Det positive er at me har utvikla oss mykje som lag i løpet av sesongen, og at det ser ut som alle blir med vidare til neste sesong, sa Herfindal.

– Fin avslutning

Daletrenar Sondre Bjordal leia Dale for siste gong. Han fekk ein bra avslutning på trenarjobben.

– Ja, det var ein fin måte å avslutta på, og eg kjenner at det er litt vemodig. Gutane stod på i 90 minutt, og me hadde nok litt lågare skuldrer enn Vaksdal i dag, meinte Bjordal.

eh@vp.no