Erling Fagerbakke Fosse, fremst med blå overdel, var raskast opp til Storefossen. Foto: Esben Hesjedal

Erling best i rulleskistarten

Laurdag gjekk vel 40 løparar frå Hordaland skikrets rulleskirenn frå Dale til Storefossen. Det markerte starten på kommande skisesong. Erling Fagerbakke Fosse kom først til Storefossen. (Sjå video nedst i saka)

Vel 40 løparar frå Hordaland skikrets sine lag deltok. Det var både juniorar og seniorar på startstreken som var like etter Kvamstotunnelen, før stigninga mot Bergsdalen startar.

Dei fleste gjekk klassisk stil, og først opp til Storefossen var Bergsdalen sin eigen Erling Fagerbakke Fosse. Han vann seks sekund før Kristian Skjeldal.

Dei beste tidene:

Menn/gutar klassisk:

Erling Fagerbakke Fosse 16,23

Kristian Skjeldal 16,29

Olve Ure 17,17

Bjørnar Fosse Vaksdal 17,50

Einar Nikolai Gaard 17,50

Elias Mostraum 18,08

Hermann Alvaer 18,18

Artikkelen held fram under annonsen.

Menn skøyting:

Loke Aleksander Lyngsgård 20,23

Damer:

Tine Alfstad Olsen 20,42

Maria Hydle 20,45

Tiril Vestrheim Skjervheim 22,02

Synne Ophaug Røthe 22,14

Damer skøyting:

Guro Femsteinevik 21,45

Beste og einaste lokale deltakaren utanom vinnaren, var «mosjonisten» Andreas Pettersen, som kom i mål på respektable 20,41 og hadde med den tida mange kretsløparar bak seg på lista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppstart

Skikretsen sine aktivitetar har lege nede i korona-tida.

— Ja, me ville leggja denne samlinga til Dale og Bergsdalen av fleire grunnar. Det er sentralt mellom Bergen og Voss, og så er treningsfasilitetane fine med gode moglegheiter til rulleskigåing. Det er vel 40 løparar med oss i dag, og etter renner frå Dale til Storefossen skal me ha ei matøkt og litt sosialt samvære i Brgsdalen. Så blir det ein fjelltur for dei yngste, og ein løpetur i naturen for dei litt vaksnare, fortel administrasjonssjef i skikretsen, Bernt Rusten,

Han er glad for å koma i gang igjen med skiaktivitetar, og håpar at oppkøyringa til sesongen no for alvor kan starta.

— Både eg og andre i skikretsen har vore permitterte, så no er det kjekt å komma i gang, smiler Rusten i regnet på Dale.

Skitrening for dei unge

Rulleskitrening i regi av Hordaland skikrets utanfor Turbinen laurdag føremiddag. Foto: Esben Hesjedal

På føremiddagen var det først arrangert ei treningsøkt for 8- til 12-åringar utanfor Turbinen med to av skikretsen sine trenarar. Her var fire løparar i aksjon, og ingen av desse var lokale.

Rusten frå skikretsen hadde gjerne sett at det var litt fleire med.

— Dette vart kunngjort litt seint, og folk har kanskje andre planar no i slutten av ferietida. Tanken her er å ha ei økt med vekt på leik og det å beherska rulleskia. Det å ha det kjekt med skigåinga, anten det er på rulleski eller snø, er viktig. Konkurranse, alvor og å setja seg mål kjem tidsnok, seier Rusten medan regnet bøtta ned.

Det var regn og surt under rulleskitreninga utanfor Turbinen. Foto: Esben Hesjedal

Dei fire deltakarane kom frå Voss og Kvam, og dei fekk vera med på ulike leikbetonte øvingar på parkeringsplassen ved Turbinen. Økta vart leia av kretstrenarane Emil Hosøy og Eivind Blindheim.