FIN SESONGSTART: Vaksdal sitt 13-årslag har vunne dei tre første seriekampane sine. Framme Emma Linnea Solvi. 1. rekkje frå venstre Mari H. Verpelstad, Leah Mari Korsrud, Marthe U. Herfindal og Johanne Rohde. 2. rekkje frå venstre Maylinn A. Solberg, Amalie S. Grenasberg, Ine S. Lekve, Thea T. Sæterdal, Amalie K. Rosseland og Ariana N. Boge. (Privat bilete)

Fine resultat i sesongstarten

FOTBALL: Endeleg er fotballsesongen i gang, med gode resultat for fleire av laga i Vaksdal kommune.

Seniorfotballen er sett på vent, og med det er det dei yngre laga som får all lokal merksemd.

Jenter 13 år

— På Vaksdal saknar i alle fall publikum lokalfotballen. Det såg me på publikumsframmøtet søndag. Ein god del folk kom nemleg på jentekampen, fortel Ronny Boge, som saman med Irving Sæterdal har trenaransvaret for 13-årslaget.

Søndag vann laget 2-1 over Frøya i oppgjeret i Vaksdal idrettspark, medan det på bortebane også er blitt to sigrar — mot Bjørgum (??-??) og Bulken (6-0). Med det tabelltopp etter tre rundar for 13-åringane frå Vaksdal.

— Det var kjekt å endeleg å komma i gang med kampar, no gler me oss alle til fortsetjinga på sesongen, seier vaksdalstrenaren.

Neste kamp for laget går på heimebane på Vaksdal tysdag 22. september. Motstandar er Bønes.

Jenter 17 år

VANN I SERIEOPNINGA: Blide jenter på 17-årslaget frå Stanghelle/Dale/Vaksdal som vann 4-3 over Sotra 2 i serieopninga. Bak frå venstre Sunniva Sunde, Vilde L. Jacobsen, Selma Brattabø, Nora Teksum-Roe, Laura Langhelle, Thea Frotveit, Heidi Vaksdal, Vilde Langhelle og Hanna Faugstad. Framme frå venstre Sunniva Faugstad, Mari Faugstad Hesjedal, Maren Fotland, Kari Sigurdson. Mari Zou Verpelstad og Lisa Sellevold. (Privat bilete)

Også 17-årslaget til Stanghelle IL noterte seg for siger i første kamp sist fredag. Heime på Geitabakken vart det 4—3 over Sotra 2 i ein tett og jamt kamp. Sigersmålet kom like før slutt, då stod det 3—3 etter at heimelaget leia 3—0 til pause.

— Me hadde god kontroll til pause, men Sotra kom inn att i kampen. Det vart skikkeleg spennande, og veldig moro då at jentene greidde å avgjera dette like før slutt, seier trenar Eirik Verpelstad, som delar dette vervet med Esben Hesjedal.

No ventar ni nye seriekampar, seks av dei skal gå på heimebane, for laget i kommunen som har dei eldste spelarane i serien i år. Seniorfotball for 5. og 6. divisjonslaga synest det ikkje å bli noko av. Rolla som kommune sitt «fotballflaggskip» har trenar Verpelstad og folka rundt han ingen problem med å ta.

— Berre kjekt det, her blir det gladfotball for alle pengane, lovar trenaren — som likevel er forsiktig med å snakka opp ambisjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva er det dei pleier å seia? At me tek ein kamp om gongen. Best det, og tryggast også, smiler han.

Neste kamp for 17-årslaget er på Geitabakken komande laurdag mot Masfjord.