Vaksdal J11 var hoppande glade.
Vaksdal J11 var hoppande glade. Foto: Privat

Lokale lag på Ål cup

FOTBALL: Med helga var sju lag frå Vaksdal, Stanghelle og Dale på cup på Ål.

Over 50 unge spelarar var laurdag og søndag i aksjon i cupen på Ål, som har blitt ein årleg utflukt for lokale fotballag.

Dale IL og Vaksdal IL stilte med J11-lag, som begge beit godt frå seg og bokførte fleire fine sigrar.

Gutar og jenter

Vaksdal IL hadde også med eit G11-lag, og Stanghelle IL eit J12-lag som også vann fleire kampar mot god motstand.

Stanghelle sine tre samarbeidslag i ungdomsklassane bestod av spelarar frå Dale, Stanghelle og Vaksdal. Her var det sluttspel og kamp om pokalar.

Stanghelle J13 vann ein kamp og spelte ein uavgjort, og gjekk til b-sluttspelet.

Stanghelle J12 og J13 samla til fotografering på Ål. (Privat foto)
Stanghelle J12 og J13 samla til fotografering på Ål. (Privat foto)
Stanghelle J14 vann fire kampar og spelte ein uavgjort.
Stanghelle J14 vann fire kampar og spelte ein uavgjort. Foto: Privat
Dale IL J11.
Dale IL J11. Foto: Privat
Vaksdal G11.
Vaksdal G11. Foto: Privat
Stanghelle J14 og J15. Ikkje alle spelarane var til stades då dette biletet vart tatt.
Stanghelle J14 og J15. Ikkje alle spelarane var til stades då dette biletet vart tatt. Foto: Privat
Stanghelle J15 får pokal for 3. plass.
Stanghelle J15 får pokal for 3. plass. Foto: Privat
Dale J11.
Dale J11. Foto: Privat
Stanghelle J12 og J13.
Stanghelle J12 og J13. Foto: Privat

Tredjeplassar

Stanghelle J14 kom til slutt på tredjeplass i a-sluttspelet, etter å ha slått Krødsherad i bronsefinalen. Laget gjekk ubesigra gjennom turneringa, med fire sigrar og ein uavgjort. Berre eit uheldig myntkast skilde jentene frå finalen.

J15 kom heim med pokal for tredjeplass, etter å ha slått Geilo i bronsefinalen.

Med det var det to bronsepokalar med toget heimover frå Ål søndagskvelden.