START: Nissen sende løparane av garde i Vaksdal idrettspark. (Foto: Elizabeth Gjessing) Foto: Privat

Nisseløp gav 4.400 kr til Redd Barna

Søndag sprang vel 50 løparar Nisseløpet i idrettsparken på Vaksdal. Det gav pengar til eit godt føremål.

Inge Magnar Hauståker er drivkrafta bak løpet, som vart arrangert for andre gong. Utgangspunktet er at Hauståker og gode løpsvenner kvar søndag gjev tilbod om fellestrening i idrettsparken.

Dobbelt så mykje pengar

Nisseløp: Frå venstre Lasse og Sebastian Ulveraker, og initiativtakar til løpet, Inge Magnar Hauståker. (Foto. Elizabeth Gjessing) Foto: Privat

– Me starta i fjor med Nisseløpet, der målet er å få ut flest mogleg, i tillegg til å gleda andre ved å skaffa pengar til eit godt føremål. I fjor var me kring 75 løparar, i år vel 50. Men i år klarte me å dobla pengesummen. Heile 4.400 kroner kunne sendast til Redd Barna. Det var ein del «sofa-vippsarar» i år, fortel Hauståker.

Folk sprang eller gjekk 3.000 meter rundt fotballbana i sitt eige tempo, og det var saft og julebrus etter målgang.

Søberg raskast

Tidene var langt frå viktige, men eit lite konkurransemoment var det sjølvsagt mellom dei sprekaste. Andreas Eide Søberg var raskast med tida 10.04, før Inge Magnar Hauståker med 10.35 og Harald Olsnes 11.09. Alle tre sprang kjappare enn i fjor. Raskaste kvinne var Elizabeth Gjessing med 15.50.

– Det var god stemning og fine forhold. Me held fram med treningane søndag føremiddagar framover, og det er ope for alle å møta opp, uansett nivå eller kvar ein kjem frå. Her spring ein i eige tempo, og me har plass til alle, understrekar Inge Magnar Hauståker.