RENN: Bergsdalen Opp måtte i år avlysast grunna korona-pandemien. For Erling Fagerbakke Fosse (fremst) og andre løparar vert rennet laurdag ei fin erstatning. (Arkivfoto)

Rulleskirenn opp til Storefossen

Laurdag vil utøvarar frå krinslaga i Hordaland komma til Dale og Bergsdalen for å starta sesongen. Det vert rulleskirenn og også høve for born å prøva rulleski.

Arrangementet er eit samarbeid mellom idrettsutvalet i Bergsdalen Ungdomslag (BUL) og Hordaland skikrins. Ragnvald Berge i BUL fortel at det var skikrinsen som tok kontakt og ville leggja sesongens «kick-off» med rulleskirenn til Dale og Bergsdalen i samband med at det no vert opna for aktivitet igjen.

Kan prøva rulleski

– Laurdag føremiddag vert det først ei treningsøkt der born frå 8-12 år kan få prøva seg på rulleski. Dette skal skje utanfor Turbinen. Det vert gratis utlån av rulleski, men dei som kjem må ha med seg skisko med NNN-system, fortel Berge.

Seinare vert det rulleskirenn frå Dale til Storefossen. Her stiller utøvarar frå skikrinsen i Hordaland sine senior- og junior-lag. Mellom desse er Bergsdalen sin eigen Erling Fagerbakke Fosse. Her er det mogleg for dei som vil og er 13 år eller eldre å vera med.

Mat og fjelltur i Bergsdalen

Etter Bergsdalen Opp på rulleski, skal deltakarane samlast på Bergsdalen skule der det vert servert mat frå Bergsdalstunet. På ettermiddagen er det planlagt ein liten fjelltur for dei yngste, og ein løpetur i naturen for dei vaksne.

– Me håpar mange vil ta turen til Dale på laurdag for å sjå og heia. Starten for rulleskirennet går ved Kvamstotunnelen, så slepp me å stengja vegar i Dale sentrum. Me håpar også mange mellom 8 og 12 år kjem til Turbinen og vil prøva rulleski. Her skal trenarar frå skikrinsen vera med, så det er mogleg å få nokre gode tips, seier Ragnvald Berge.