Dei fleste spelarane frå dei seks lokale laga som deltok på Ål cup.
Dei fleste spelarane frå dei seks lokale laga som deltok på Ål cup. Foto: Esben Hesjedal

Seks lokale lag på Ål cup

Mange unge fotballspelarar deltok med helga på Ål cup.

Det har blitt tradisjon at lokale lag tek turen til Ål i Hallingdalen rundt skulestart for å delta på cup.

I år var seks lag frå Vaksdal kommune på plass. Vaksdal stilte med tre lag, nemleg Gutar 11, Jenter 12 og Gutar 12.

Dale deltok med Gutar 10 og Jenter 12, medan Stanghelle stilte i ungdomsklassen med sitt Jenter 13/14-lag.

Alle laga beit godt frå seg i kampane, og ikkje minst er det å delta på ei slik turnering eit viktig sosialt tiltak.

Vel heime igjen tek laga no fatt på haustsesongen.