Solfestløp: Geir Karstensen instruerer like før start. Foto: Esben Hesjedal

Solfestløp i regn

Laurdag er siste dag av den nær vekelange Solfesten på Dale. Nær 40 born trassa regnet og sprang for sola.

Men vêrgudane spelte ikkje særleg på lag, det var regn og heller surt då Dale IL inviterte til solfestløp ved paviljongen. Dale IL-leiar Erlend Hesjedal-Johannessen fortel at ein eigentleg hadde planlagt langrenn.

LØP: Ivrige born på veg mot mål ved paviljongen, Foto: Esben Hesjedal

– Då dette vart planlagt i haust, så såg me for oss vinter og snø. Tanken var å laga til ei langrennsløype som borna kunne gå. Men med den vinteren me har, så vart det eit vanleg løp. Nærmare 40 kom i dette vêret, det synest eg er flott, seier Hesjedal-Johannessen medan han delte ut dei siste startnummera til spente born like før start.

Geir Karstensen sende så ungane ut i løypa, som gjekk frå paviljongen og rundt Høgbygget.

Medalje: Katrine Hesjedal-Johannessen deler ut gullmedaljar av sjokolade. Foto: Esben Hesjedal

Og vel i mål vanka det store sjokolade-gullmedaljar til dei unge deltakarane. Fleire pakka kjapt opp og knaska i seg medaljen. Det er jo trass alt laurdag. Og som toppidrettsfolk gjerne seier - det er ingenting som er så raskt gløymt som ein vunnen medalje.

Laurdag ettermiddag vert veka der ein har feira sola avslutta med den tradisjonsrike Solfesten i Forsamlinghuset. Det er 10. gongen denne festen vert arrangert.