Treng fleire lag til VM i straffespark

Laurdag 8. august planlegg Dale IL å arrangera Vaksdalmeisterskap i straffespark, men førebels er det for få påmelde lag.

Straffespark: Noko av det mest spennande ein kan gjera på ei fotballbane, er å ta straffespark. 8. august har ein sjansen på Geitabakken.

Arne Johnsen i Dale IL opplyser til VP tysdag at det berre er fire lag som har meldt seg.

— Dette er for få til at det er noko poeng å arrangera eit slikt VM, så me håpar at fleire lag melder seg på no like før fristen som går ut fredag 31. juni.

Ingen damelag

Ingen damelag har meldt seg, og heller ikkje frå a-lagsmiljøet på Vaksdal har ein fått påmeldingar.

— Det vil vera veldig kjekt om damene tek utfordringa, slik at me kan ha ein dameklasse. Også frå Vaksdal håpar me at nokre lag blir med. Til no er det både lag med aktive a-lagsspelarar på Dale og folk som ikkje spelar aktivt fotball som har sagt dei vil vera med. I ein slik straffesparkkonkurranse kan alt skje, så det er langt frå sikkert at dei mest treffsikre er dei som til vanleg spelar a-lagsfotball, smiler Johnsen.

Erstatning for Vertshuscupen

I starten av august er det tradisjon med Vertshucup på Geitabakken. Men grunna korona-pandemien er den årvisse fotballturneringa avlyst. Straffesparkkonkurransen er meint som ei erstatning for Vertshuscupen.

Fem på kvart lag

Opplegget er at fotballspelarar går saman og lagar 5ar-lag, der den eine er keeper. Alle fem skal ta straffespark, og det laget som treff mest og best, kan til slutt smykka seg med tittelen Vaksdalmeister i straffespark.

— Det skal brukast 11ar-mål og me følgjer fotballforbundet sine reglar. Det einaste unnataket er at me tillèt ungdom ned til dei som fyller 15 år i 2020 å vera med, fortel Johnsen.

Utfordrar tidlegare spelarar

Han utfordrar både aktive og ikkje-aktive spelarar å danna lag, og sender ei lita ekstra utfordring til godt vaksne fotballspelarar som har lagt opp.

— Ein høyrer jo ofte at desse mimrar om kor bra alt var før, og kor gode dei var. No har dei sjansen til å bevisa det. Eit par straffespark klarar ein å ta sjølv om ein ikkje har spelt fotball på ei stund, seier Johnsen.

Han legg til at ein sjølvsagt vil følgja smittevernreglar som gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Fordelen med ei turnering med «straffekonk» er at ein ikkje har same nærkontakten som i vanleg spel. Litt publikum skal me nok også få plass til, så me håpar at det vert eit snev av «Vertshuscup-stemning» på Geitabakken laurdag 8. august. Men då må folk kasta seg rundt å melda seg på, seier Arne Johnsen.