Det er berre eit lag som gjeld for supersupporter Arne Johnsen.
Det er berre eit lag som gjeld for supersupporter Arne Johnsen.

- United er laget

For supersupporter Arne Johnsen på Stamnes handlar fotballen om stort sett ein ting: Manchester United. 16 gonger har 60-åringen vore til England for å sjå favorittlaget sitt i aksjon.

- Eg er vel litt meir enn ein vanleg fan av engelsk fotball. Turane til Manchester og Old Trafford er det ikkje blitt mindre av dei siste åra. Eg har vore to gonger denne sesongen, og eg skal i alle fall ein gong til. Seinvinterens fotballhøgdepunkt er alt i boks, fortel Arne.

Lidenskap

Klubben han støttar er den mestvinnande i nyare tid i England, men dei siste sesongane er det blitt lengre mellom titlane. Men Arne sin lidenskap for favorittklubben endrar seg ikkje av den grunn. Å seia at han er ein medgangssupporterer vil vera å bomma grovt.

- Det er uansett berre eit lag som gjeld - «Junaited forever», slår han fast.

60-talet

Det starta på 60-talet, og at det vart Manchester United som vart Arne sin klubb, var heilt tilfeldig.

- Då eg sparka fotball med barndomskompisane heime på Dale, så «var me» spelarar på forskjellige lag. Det vart Tottenham og Leeds, trur eg, på namnebror Arne og Rolf Arne, og for meg vart det Manchester United. Bobby Charlton og fantomkeeeper Harry Gregg var dei første namna som festa seg i minnet, hugsar han.

Lisa Natalie, Arne og Emanuel klare for Champions Leaugue-kamp mot CSKA Moskva på Old Trafford. (Privat bilete)
Lisa Natalie, Arne og Emanuel klare for Champions Leaugue-kamp mot CSKA Moskva på Old Trafford. (Privat bilete)
Arne og Oddveig Renate er klare for kamp på Old Trafford. (Privat bilete)
Arne og Oddveig Renate er klare for kamp på Old Trafford. (Privat bilete)
Arne møtte tidlegare Unitedspelar Lee Martin på Old Trafford.  (Privat bilete)
Arne møtte tidlegare Unitedspelar Lee Martin på Old Trafford. (Privat bilete)
Arne jublar saman med dottera Oddveig Renate og sonen Rolf Arne etter nok ein siger for «The Red Devils». (Privat bilete)
Arne jublar saman med dottera Oddveig Renate og sonen Rolf Arne etter nok ein siger for «The Red Devils». (Privat bilete)

Radio

Laurdagane i heimen på Dale var det som regel å skru seg fram til BBC-sendinga på radioen. Arne låg klistra til radioen, noterte resultat og målskårar, og jubla med når Charlton, Law, Best og andre sytte for nettsus for «The Red Devils» rundt om på engelske baner.

Så kom fotballblada «Shoot» og «Goal» med store bilete av spelarane og laget. Guterommet vart tapetsert.

Tippekampen

På slutten av 60-talet kom tippekampen på NRK og sjanse til å få sjå favorittlaget heime i stova, i svart/kvitt.

- Det var stort, fantastisk stort, seier Arne nostalgisk, og minnest at Europacupfinalen i 1968 var den første heile fotballkampen han såg på fjernsynet. Då var han 11 år, og jubla stort då Benfica vart slått 4-1 etter ekstraomgangar. Manchester United hadde vunne Europacupen nesten på heimebane, på Wembley.

Berre eit lag

Så kom vaksentida, det vart ekteskap og skilsmisse, sambuarskap og skilsmisse der også.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men Manchester United skil ein seg ikkje frå, så det forholdet varar garantert livet ut, fastlår Arne, som er far til sju og bestefar til åtte.

Fire av dei sju borna er blitt store United-fans dei også. Dei har alle vore, og vil heilt sikkert også vera med pappen på fleire turar til Manchester og Old Trafford. Dottera Lise Natalie er kanskje den største.

- Ho er skikkeleg engasjert, eit stort supportertalent, til og med kanskje litt større enn meg, smiler Arne.

Old Trafford

Den første turen han hadde over var då yngstemann Emanuel vann ein gratistur for to til favorittklubben i samband med ein fotballkonkurranse på NRK.

- Eg vart med, og vart fullstendig biten av denne glade galskapen. Då eg sat der på Old Trafford, midt inne i mellom 75.000 jublande tilskodarar, lova eg meg sjølv at her skulle eg bort att ikkje berre ein, men fleire gonger. Det løftet har eg halde, smiler Arne.

Meir enn berre kamp

Johnsen fortel at det ikkje er berre kampen han reiser for. Opphaldet i byen, å møta att kjenningar og likesinna, treffa nye, pubtreff med andre supporterar, å handla, bli betre kjent i og rundt byen, og omvisingar på Old Trafford. Og kampen sjølvsagt eit høgdepunkt.

- Same kor det går?

- Ja, ja, men når me tapar vert eg sur, skikkeleg sur. Då er eg ikkje heilt god på eit par ... timar. Men så veit du, då er det ikkje lenge til neste kamp, så då nullstiller me oss, smiler Arne, som har opplevd å sjå laget sitt vinna over byrival Manchester City og triumfera i Champions-League kamp mot Real Madrid.

Men «tunge» tap har det også blitt med United-Johnsen på tribunen. To av det slaget mot erkerival Liverpool var ekstra trasige.

- Så kamp mot Liverpool veit eg ikkje om eg tør å sjå fleire gonger på Old Trafford, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Manchester

Arne er som ein forstår ein reiseglad fyr, og vedgår at ein god del av det som hamnar på lønskontoen hans går til å sjå seg om ute i verda, i alle fall i Europa. Turar til andre byar og andre land enn England er det blitt ein god del av, og fleire kjem. Men fotballturane til England er han nesten blitt avhengig av, men då berre til Manchester.

- Ja, «bevares», kva i alle dagar skal eg andre stader etter? Det måtte eventuelt vera for å sjå United spela på bortebane, smiler han.

Ungkaren og spelemannen vedgår at det er greitt å vera nettopp det - ungkar og spelemann - når turplanar vert tenkte, laga og gjennomførte.

- Det trur eg nok, ja. Hadde sikkert vore mykja anna å brukt pengane på då om eg ikkje hadde vore det. Sjølvsagt hadde det det, fastslår han.