Med over 20 lag i aksjon på Vertshuscupen i år, var det nok godt over 200 spelarar som deltok på årets Vertshuscup. Her Tveitane IL i kamp mot Dei Hine.
Med over 20 lag i aksjon på Vertshuscupen i år, var det nok godt over 200 spelarar som deltok på årets Vertshuscup. Her Tveitane IL i kamp mot Dei Hine. Foto: Esben Hesjedal

Vellukka vertshuscup

Det sosiale og morofotballen stod i fokus under Vertshuscupen på Geitabakken i helga. Men det vart som vanleg fullt full fart og litt alvor då laga nærma seg finalane laurdag.

I dameklassen var det til slutt Dale-laget Dei Hine som stod att som vinnarar. Laget, som i all hovudsak bestod av a-lagsspelarar frå damelaget til Dale, slo Arnabarna & co 3-2 i ein jamspelt og spennande finale som vart avgjort på sudden death. I denne klassen valde Dale IL å lempa på krava om avgrensingane om aktive spelarar for å få nok lag.

Tett finale

Arnabarna, med spelarar frå Arna Bjørnar, leia 2-1 lenge finalen og såg ut til å dra sigeren i land. Men like før slutt utlikna Ingeborg Haga, og i ekstratida avgjorde Tina Tollefsen for Dei Hine.

Emelie Dahle Skjerveggen vart toppskårar med 17 mål.

– Det vart ein veldig jamn og spennande finale, og i 2. omgang såg det lenge mørkt ut, men heldigvis klarte me å snu det, smilte keeper Tonje Skorve.

Frå tap til siger

I b-sluttspelet for menn var det laget Deilig Digg som trekte det lengste strået. Dette var ein gjeng med nokre lokale spelarar, og ein del kompisar av desse.

Det mangla ikkje på innsats under Verthuscupen i år heller. Her Sigve Myster Dyvik (t.v.) i kamp med Lars Seim.
Det mangla ikkje på innsats under Verthuscupen i år heller. Her Sigve Myster Dyvik (t.v.) i kamp med Lars Seim. Foto: Esben Hesjedal
Vinnar av dameklassen var laget Dei Hine. Bak frå venstre Rakel Hvidsten Søvik, Andrea Dahle Skjerveggen, Tonje Skorve, Ingeborg Haga og Kine Skjervheim Vedaa. Framme frå venstre Emelie Dahle Skjerveggen, Aina Johansen, Pia Dahle Skjerveggen, Elise Carlsen og Tina Tollefsen.
Vinnar av dameklassen var laget Dei Hine. Bak frå venstre Rakel Hvidsten Søvik, Andrea Dahle Skjerveggen, Tonje Skorve, Ingeborg Haga og Kine Skjervheim Vedaa. Framme frå venstre Emelie Dahle Skjerveggen, Aina Johansen, Pia Dahle Skjerveggen, Elise Carlsen og Tina Tollefsen. Foto: Esben Hesjedal
Deilig Digg vann b-sluttspelet. Bak frå venstre Daniel Tangen, Marius Tangen, Arild Tverrlid og Yngve Gjelsvik. Framme frå venstre Eirik Ruud Pettersen, Rolf Andre Karstensen, Cato Faugstad, Stian Lid Lervik og Martin Wilhelmsen.
Deilig Digg vann b-sluttspelet. Bak frå venstre Daniel Tangen, Marius Tangen, Arild Tverrlid og Yngve Gjelsvik. Framme frå venstre Eirik Ruud Pettersen, Rolf Andre Karstensen, Cato Faugstad, Stian Lid Lervik og Martin Wilhelmsen. Foto: Esben Hesjedal
1860 Mugging jublar for siger i a-sluttspelet. Bak frå venstre Joachim Vedå Krogsrud, Håvard Berge, Tommy Olsnes, Hogne Dyvik, Joakim Olsnes og Tonny Tysnes. Framme frå venstre Even Johansen Indrebø, Eivind Dyvik Sellevold, Espen Johansen Indrebø, Stian Olsnes og fremst keeper Torben Meland Lian.
1860 Mugging jublar for siger i a-sluttspelet. Bak frå venstre Joachim Vedå Krogsrud, Håvard Berge, Tommy Olsnes, Hogne Dyvik, Joakim Olsnes og Tonny Tysnes. Framme frå venstre Even Johansen Indrebø, Eivind Dyvik Sellevold, Espen Johansen Indrebø, Stian Olsnes og fremst keeper Torben Meland Lian.
Skaraskjorena, her representert med delar av laget under premieutdelinga, fekk vertshuscup-pokalen for å ha vore eit positivt innslag under cupen.
Skaraskjorena, her representert med delar av laget under premieutdelinga, fekk vertshuscup-pokalen for å ha vore eit positivt innslag under cupen. Foto: Esben Hesjedal
Skaragutane (i grønt) og Vasabadl er mellom laga med lang fartstid i Vertshuscupen, som trufast stiller opp.
Skaragutane (i grønt) og Vasabadl er mellom laga med lang fartstid i Vertshuscupen, som trufast stiller opp. Foto: Esben Hesjedal
God innsats under ein av damekampane.
God innsats under ein av damekampane. Foto: Esben Hesjedal
Mest mål skåra Emelie Dahle Skjerveggen og Daniel Tangen med 17 skåringar kvar.
Mest mål skåra Emelie Dahle Skjerveggen og Daniel Tangen med 17 skåringar kvar. Foto: Esben Hesjedal
Det var både solglytt og regn i løpet av Vertshuscupen 2018.
Det var både solglytt og regn i løpet av Vertshuscupen 2018. Foto: Esben Hesjedal

– Me tapte alle kampane fredag, men så snudde det laurdag. Veldig moro å vinna, slo Marius Tangen fast i sigersjubelen etterpå.

Broren Daniel Tangen vart toppskårar i herreklassen med 17 mål.

20 straffespark

I a-sluttspelet for menn spelte 1860 Muggings og Best Western seg fram til finale. Sistnemnde, som har sitt utspring frå Stanghelle Vest, måtte ut i ein spennande straffesparkkonkurranse mot den ungdommelege gjengen i Esskeetit for å nå finalen. Heile ti spelarar på kvart lag måtte i elden, før Roy Anders Rabben til slutt fekk æra av å senda Best Western til finale.

Avgjorde i siste minutt

Men i finalen vart det 1860 Muggings som tok sigeren. Stillinga var 2-2 i det siste speleminuttet, men så sette Even Johansen Indrebø inn matchvinnarskåringa og avgjorde kampen slik at den lystige gjengen i kunne jubla.

– Herleg å avgjera det like før slutt. Også i semifinalen snudde me kampen heilt i sluttminutta, smilte Even Johansen Indrebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

1860 Muggings var ein kameratgjeng med lokale spelarar som også vann Vertshuscupen for to år sidan.

Laget Skaraskjorena frå Stanghelle fekk Vertshuscup-pokalen for å ha bidratt til god stemning og positivitet under cupen.

Meir om Vertshuscupen i papiravisa torsdag.

eh@vp.no