Arrangøren av Bergsdalen Opp vil ha endå fleire deltakarar opp Storefossen i framtida.
Arrangøren av Bergsdalen Opp vil ha endå fleire deltakarar opp Storefossen i framtida. Foto: Bergsdalen Opp

Vil ha folk ut på tur

TRIM: Arrangøren bak Bergsdalen Opp lanserer no ein trimkonkurranse, og har peika ut ei rekkje lokale turmål der deltakarane kan samla poeng fram mot Bergsdalen Opp som går 17. juni.

Primus motor i Bergsdalen Opp, Frank Breistein, fortel at det er fleire grunnar til at ein no sparkar i gang det som har fått namnet «Bergsdalen Opp Tur og Trim».

- Bergsdalen Opp har blitt arrangert fem gonger, og me har lege på 2-300 deltakarar. Trenden er at mange motbakkeløp har nedgang i talet på deltakarar, og på sikt er det berre dei store arrangementa som overlever. Me har difor sett oss som mål at me skal ha 800 deltakarar innan tre år. For å få vekst vil me spesielt satsa på trimklassen utan tidtaking og lokale turgåarar, trimmarar og ikkje minst heimesitjarane. For å nå målet treng me god drahjelp frå dei lokale mosjonistane som skaper feststemning i traseen for deretter å tiltrekkja oss regionale og nasjonale deltakarar, seier Breistein.

Aktivitetar

Ein ønskjer å laga Bergsdalen Opp frå Dale sentrum til Storefossen, som er for løparar/trimmarar, syklistar og rulleskiløparar, så attraktiv at også deltakarar på godt nivå vil delta.

- Får å få dette til, må me skapa aktivitet og liv i Dale sentrum, med tilbod for heile familien. I fjor kom me i gang med barneløp i Dale sentrum, og ulike aktivitetar. Me søkjer også eit endå betre samarbeid med det lokale næringslivet og kommunen. Å laga til ein trimkonkurranse som går i månadene før Bergsdalen Opp, er også noko me vil satsa skikkeleg på, seier ein engasjert Breistein.

Skal samla poeng

Trimkonkurransen går frå 11. februar til 11. juni, og handlar om at folk skal samla seg poeng ved å nå ulike turmål i nærområda rundt Dale, Bergsdalen, Stanghelle, Vaksdal og Stamnes.

Frank Breistein utfordrar folk til å delta i trim-konkurransen fram til Bergsdalen Opp. Her blir han intervjua av speaker Bjarte Ytre-Arne. (Arkivfoto)
Frank Breistein utfordrar folk til å delta i trim-konkurransen fram til Bergsdalen Opp. Her blir han intervjua av speaker Bjarte Ytre-Arne. (Arkivfoto)

- Ein må lasta ned ein app på mobiltelefonen, og når ein har nådd eit turmål, så sjekkar ein inn via mobilen. Det heile er lett å få til å fungera, opplyser Breistein.

For kvart turmål får ein eit visst tal med poeng. Dei tyngste og lengste turane gjev naturleg nok fleire poeng enn dei korte. På lista over turar finn ein alt frå Beitelen, Dalestølen, Dystingen og Gullhorgabu, til kortare turar som Fyret på Tettaneset, Polleruden, Dalevågen og mange fleire.

- Hovudpoenget er å få folk ut av døra heime. Om ein går den korte turen i nærmiljøet kvar dag, så vert det poeng av det også. Ein treng ikkje gå til Høgabu, Flatafjellet eller Mykkeltveitveten så ofte, man kanskje av og til? Via nettsida/appen vert det også høve til å samanlikna seg med treningskameratar og naboar, fortel Breistein.

Lågterskeltilbod

Han understrekar at dette skal vera eit lågterskeltilbod, med små og korte turar - men også solide turmål høgt til fjells.

- I tillegg ønskjer me å setja fokus på kulturminne, plassar som har betydd noko for folk. Ta slik som gamle hoppbakkar. Eit turmål er til dømes Polleruden, eit anna Hjertaasbakken på Eikhaugen. Det er ikkje langt å gå dit, men ein kjem seg ut og nokre poeng vert det av det også. På nettsida vår, Bergsdalenopp.no, har me forresten eit bilete frå det som ein trur er den første hoppbakken i nærområdet, nemleg i området over Storefossdammen. Biletet er truleg teke like etter 1900. Dersom nokon veit akkurat kor denne hoppbakken låg, så høyrer eg gjerne frå dei, smiler Breistein.

Premiering

Det vert sjølvsagt ei form for premiering i konkurransen også.

- Dei som samlar mest poeng vert sjølvsagt honorert for det, men eg vil understreka at det også vert premiar trekt ut mellom alle som deltek. Det er viktig å få folk i gang med trimming og turgåing. Og så håpar me sjølvsagt på at ein vinter og vår med mykje trimming, vil føra til at mange fleire deltek i Bergsdalen Opp laurdag 17. juni, seier ein optimistisk Frank Breistein.