Laget til Dale barne- og ungdomsskule jublar etter finalesiger over Felleskjøpet.
Laget til Dale barne- og ungdomsskule jublar etter finalesiger over Felleskjøpet. Foto: Esben Hesjedal

VP-cup i Turbinen

FOTBALL: 14 lag deltok fredag og laurdag i VP-cupen i innandørsfotball i Turbinen.

Både aktive fotballspelarar, hobbyspelarar og dei som har VP-cupen og Vertshuscupen som sine einaste to fotballaktivitetar i løpet av året, var i aksjon i Turbinen med helga.

Skulelaget best

Fredag var det bedriftslaga som spelte, og her gjekk Dale barne- og ungdomsskule til topps. Laget slo Felleskjøpet frå Vaksdal 4-1 i finalen.

Skulelaget sine finaleskåringar vart sette inn av Preben Sandvik, Ibrahim Osman og Ole Marius Jakobsen (2).

Joachim Krogsrud spelte på vinnarlaget.

– Eg har spelt litt iallfall, men er mest med som moralsk støtte for dei andre på laget. Det er veldig sosialt og kjekt å delta på ein slik cup saman med gode kollegaer, smilte Krogsrud.

Sandra Stavenes med ryggen til, medan Marthe Karlsen og Emelie Dahle Skjerveggen kjempar om ballen.
Sandra Stavenes med ryggen til, medan Marthe Karlsen og Emelie Dahle Skjerveggen kjempar om ballen. Foto: Esben Hesjedal
Helsehuset (i kvite drakter), som stilte lag i bedriftsklassen, fekk ein spesialpris for positiv framferd og at alle spelarane på laget utanom ein var damer.
Helsehuset (i kvite drakter), som stilte lag i bedriftsklassen, fekk ein spesialpris for positiv framferd og at alle spelarane på laget utanom ein var damer. Foto: Esben Hesjedal
Dei Hine vart vinnarane i dameklassen i VP-Cupen.
Dei Hine vart vinnarane i dameklassen i VP-Cupen. Foto: Esben Hesjedal
Mange spennande kampar under VP-Cupen.
Mange spennande kampar under VP-Cupen. Foto: Esben Hesjedal
Lokomotiv Ballespark vann herreklassen.
Lokomotiv Ballespark vann herreklassen. Foto: Esben Hesjedal
Sæterdal Elektro sin Thomas Fotland klar til å ta frispark mot skulelaget frå Dale.
Sæterdal Elektro sin Thomas Fotland klar til å ta frispark mot skulelaget frå Dale. Foto: Esben Hesjedal
Laget Sabeltanns Piker fekk pokal for 2.-plassen i dameklassen.
Laget Sabeltanns Piker fekk pokal for 2.-plassen i dameklassen. Foto: Esben Hesjedal
Både på benken og tribunen var det bra med folk i Turbinen.
Både på benken og tribunen var det bra med folk i Turbinen. Foto: Esben Hesjedal

Dameklassen

Laurdag var det dame- og herreklassane sin tur. Laget Dei Hine vann dameklassen, etter å ha slått Sabeltanns Piker 4-0 i finalen.

For Dei Hine var det Emilie Dahle Skjerveggen, Tina Tollefsen, Andrea Dahle Skjerveggen og Lisa S. Sellevold som skåra i finalen.

Jamn herrefinale

I klassen for menn var det Lokomotiv Ballespark som til slutt vann, etter ein spennande og jamn finale mot laget Eskeetit.

Ørjan Midtun og Magnus Bru Reigstad skåra vinnarlaget sine mål i finalen.

eh@vp.no